Kulturdepartementet nemnde i går biblioteka i ein tekst om «Spørsmål og svar om bransjestandarder og smittevernsveiledere». Skråll nedover og finn undertittelen «Er bibliotekene åpne?». Dei lenker opp til Nasjonalbiblioteket sine nettsider der dei seier det «ligger … diverse informasjon om dette». Men lenka går til NBs generelle nyheitsside, der den viktigaste informasjonen om dette i dag (16. mai kl 15) må leitast etter i eldre saker. Og dei nemner ikkje rettleiaren til NBF og BF.
Dermed kan dette bli både for kortfatta og vanskeleg for mange. I alle fall for bibliotekbrukarar. Underkapitlet om «Frivillighet, idrett og organisert fysisk aktivitet» er mykje meir detaljert og informativt.