Archive for mai 18th, 2020

mai 18, 2020

Suksess for open tidsskrift-tilgang

Skjermbilde 2020-05-18 13.00.02

Forsølva kunnskapssøk. Frå re-opninga av Nasjonalbiblioteket i 2005

Blant anna på Khrono kan vi no lese at Kunnskapsdepartementet si ordning med open tilgang til norskspråklege tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap har vore vellykka, ifølgje ei evaluering frå Unit. Men også at ordninga skal utvidast til å omfatte rettsvitskap.

Dette er veldig bra, men også heilt naudsynt i situasjonen i dag med heilt eller delvis stengde bibliotek.

Og ordninga kostar 9,1 statlege millionar. Kor mykje er dette? Eit døme: Ikkje få sjefar i norske verksemder har dette eller meir som årsløn!

Med koronaen framleis som eit trugsmål og med sterkt redusert offentleg økonomi i truleg fleire år framover burde all seriøs kunnskapsproduksjon og -formidling få solid særhandsaming. Kva med ein to-delt eller meir differensiert modell der det viktigaste, slikt som i denne ordninga, blir fritt for alle kor som helst, mens alt anna blir fritt på  biblioteka sitt utstyr? OGSÅ i folkebiblioteka.