
Scenario-rapporten «Bibliotekene i 2020» frå i 2006 tok ikkje høgde for ein pandemi. Men er slett ikkje uinteressant. Klikk og kikk.
Den US-amerikanske bibliotekforeninga ALA har ein mangfaldig nettstad med namnet The Library of the Future. Her har koronapandemien ikkje overraskande blitt eit svært synleg innslag den siste tida. Dei har ein lang artikkel med ulike scenario for kva som kan skje og som bør skje, når og om det skjer. For å seie det slik.
Vi har fort og gæli omsett eit forkorta utval på 19 av dei utfordringane vi synst ser mest aktuelle ut for landet vårt. Forklaringane mellom kulepunkta har vi hoppa over. Nokre kulepunkt er heilt konkrete, andre strukturelle og meir bibliotekpolitiske. Men ver merksam på at originalen heile tida blir utvida og justert. ALA-medlemmar er oppmoda til å bidra:
- Korleis vil det gå for bibliotekverdiar som personvern og intellektuell fridom når big data og sporingsteknologiar har blitt ein del av styresmaktene og samfunnet sitt svar på trugsmålet mot folkehelsa?
- Korleis vil biblioteka, som demokratiske og fridomselskande institusjonar, kunne fremje samtalar, diskusjonar og rom som verkeleggjer desse prinsippa?
- Kva med bibliotekbudsjetta når sentrale og lokale styresmakter vil prioritere andre område?
Dette var berre dei tre første: