Archive for mai 31st, 2020

mai 31, 2020

Heimekontor på biblioteket

Skjermbilde 2020-05-31 18.56.42

Område for god stemning

Ifølgje nettstaden Building Design & Construction har 62 prosent av US-amerikanarane jobba heimefrå under Koronaen. Og om lag halvparten av desse kjem til å halde fram med dette fleire dagar i veka. Men dei vil ikkje nødvendigvis «jobbe heimefrå» … heimefrå:

«Når offentlige rom bli opna igjen vil mange nytte høvet til å jobbe heimefrå på ein «tredje plass», der dei kan oppleve sosial tilknytning og få kjensla av å høyre til, samtidig som dei får roen dei treng for å få gjort jobben sin. Offentlege bibliotek vil kunne møte ein auka etterspurnad etter slike tredje plassar. Dei tilbyr ikkje berre WIFI, skrivarar, skannerar, kopimaskiner, informasjonsressursar og kunnskapsrike medarbeidarar, men også ulike område som passar for ulike typar arbeid (eller som passar skiftande stemningar) gjennom dagen».

Desse og fleire kvalitetar kan lett trumfe «alboge-til-alboge-sitjeplassar på Starbucks», heiter det til slutt.

Men det krev at biblioteka får re-designa lokala sine til låg smitte-risiko.

mai 31, 2020

Ikkje berre e-biblioteket treng krisepakke

Skjermbilde 2020-05-31 10.42.31

Bibliotekbrukar anno mars 2020 og framover. Public domain.

Rundt i landet skal etter kvart 662 folkebibliotek medrekna filialar, 261 fagbibliotek, 56 høgskolebibliotek, 65 universitetsbibliotek osv osv (kjelde: Base bibliotek) opne lokala sine for eit publikum som sidan sist har lagt seg kraftig ut i breidda. Kvar og ein skal no ha ein meter til nestemann og -kvinne, bibliotektilsette såvel som andre lånarar. Fram til korona-vaksinen er her, eller til neste pandemi, vil dette vere normen. Jamfør Khrono og Dagsavisen nyleg. Det vil krevje ein ny «hygienisk» arkitektur, sjå nedanfor.

Arrangement i biblioteket vil krevje førehandspåmelding for å sikre ein meter mellom kvar deltakar og for å unngå smitterisikabel kø ved inngangen. Men slike restriksjonar vil i sin tur gje auka krav om videostrøyming, der i alle fall kunstnarleg medverkande vil ha rett på ekstra økonomisk godtgjering. Utarbeiding av slike satsar er sikkert rettshavarorganisasjonane alt i full gang med.

Men i utlånsareala må det bli omfattande ominnreiing og mange stader ombygging. Biblioteka vil måtte hive ut …

read more »