Archive for juni, 2020

juni 30, 2020

Biblioteket (nesten) utan grenser 1

Skjermbilde 2020-06-30 13.30.33

Mange format til nedlasting for denne boka, men ikkje slik for alt i IA.

1-talet i overskrifta er eit signal om at det kjem meir – om den utrulege digitale ressursen Internet Archive. Det kjem i små drypp. I dag fann eg tilfeldigvis boka «Hvem er hvem i norsk kulturliv» frå 1987 då eg leita etter biografiske opplysningar om den tidlegare sjefen min og blant anna IFLA-president Else Granheim.

Boka finst på nb.no også, men ikkje i ti ulike format, blant anna ikkje lydbokformatet DAISY! Og du kan, til skilnad frå NB, laste ned alle. Du kan også få side for side lesen opp frå skjermen (sjå ikon på linja under). Med svensk talesyntese (?).

Apropos svensk, så finst boka også på Runeberg, og det er der ho kjem frå til IA. Ser vi nærmare etter lastar Runeberg opp alt (?) dei har dit. Fordelen er då at på IA finn vi alt på éin plass. Det same gjeld ei mengd andre digitaliseringsprosjekt.

Nasjonalbiblioteket kan ikkje vere med på dette, ifølgje avtalen med KOPINOR, der berre norske IP-ar får tilgang. Men så ser vi at folk likevel bidrar med enkelte titlar frå NB, i alle fall slike som har falle i det fri. Dette bør vi følgje opp.

juni 29, 2020

«Vi välkomnar dem, trots att vi hade önskat att de hade stannat hemma»

Skjermbilde 2020-06-29 20.40.03

Vanlegvis er Noreg annleislandet (klikk og kikk)

SVT.se i dag, 29. juni:  «5 310 personer har avlidit med covid-19 i Sverige. Det är 30 nya inrapporterade dödsfall sedan i fredags. Totalt har 67 667 personer bekräftats smittade, vilket är nya 2 530 inrapporterade sedan i fredags».

Frå tidsskriftet BiS sitt korona-nummer no i juni:  «Människor fortsätter att komma till biblioteken. Människor som egentligen borde hålla sig hemma kommer till biblioteken. Föräldrar med barn som är för sjuka för att gå till förskolan, men tillräckligt friska för att bli uttråkade hemma. Vuxna som känner sig lite krassliga och inte vill gå till jobbet. Sjuttioplussarna.

Och vi välkomnar dem. Vi välkomnar dem, trots att vi hade önskat att de hade stannat hemma. Trots att avspärrningsbanden ännu inte har kunnat levereras. Trots att de inte håller avstånd. Trots att vi hör dem hosta. Men vi måste inte tycka om det. Och vi har all rätt att oroa oss för vilka konsekvenser det kan få» (Eleonor Pavlov).

juni 29, 2020

Bibliotek i bruk

Skjermbilde 2020-06-29 18.53.51«… när jag lånade Aforismer i levnadsvishet på kommunbiblioteket i 7:e arrondissementet (närmare bestämt på annexet i quartier La Tour-Maubourg) kan jag ha varit tjugosex år, men också tjugofem, eller tjugosju. Det är hur som helst väl sent för en så betydande upptäckt».

Frå Michelle Houellebecq sitt essay «I Schopenhauers närvaro» (Ellerströms förlag, 2020), om bibliotekbesøket der han første gongen «møtte» Schopenhauer, noko som fekk svært mykje å seie for heile forfattarskapen hans.

Biblioteket er vel dette vi ser her.

juni 28, 2020

OBS

Bloggaren har fått reaksjonar dei siste par dagane som gjer at vi vel å gjere ekstra merksam på taggen OBS: Ironisk innhald. Fortsett go hælj 🙂

juni 25, 2020

Den frigjerande bokbåtnedlegginga!

Skjermbilde 2020-06-25 23.24.26

Sidan 1982 har Klovnen Knut, til dagleg Knut Berntsen, vore med på Epos. 

Måndag skreiv vi om Audun Lysbakken sitt forsøk på å få bokbåten Epos opp på rikspolitisk nivå i Stortingets spørjetime. No har Kjersti Toppe frå Senterpartiet forsøkt seg i same forum, med omtrent same vri. Svaret frå kulturminister Abid Raja blei sjølvsagt like negativt.

Men som sist har Raja interessante signal i svaret sitt. Han avsluttar slik: «Jeg finner det lite hensiktsmessig at staten skal overta driften av lokale bibliotekoppgaver som de lokalt ikke finner det formålstjenlig å videreføre. Dette vil ikke bare svekke det lokale selvstyret, men også undergrave muligheten for bibliotekutvikling lokalt ved å holde fast på eksisterende infrastruktur».

Det var neppe eit varmt ønske frå fylkespolitikarane å fjerne tilbodet. Det einaste «formålstjenelige» ved nedlegginga var nok å redde andre, viktige postar på eit skrantande budsjett.

Men i og med nedlegginga har fylka og kommunane i alle fall fått eit eineståande høve til å …

read more »

juni 25, 2020

«Hvis noe liknende skjer igjen …»

Skjermbilde 2020-06-25 19.29.38Dette er eitt av spørsmåla i ei fersk spørjeundersøking retta til norske bibliotektilsette om arbeidssituasjonen under koronaen: «Hvis noe liknende skjer igjen med samme konsekvenser, hva er de viktigste erfaringene biblioteket bør ta med seg?» Svarfristen er 15. august.

Eit anna viktig spørsmål går på vurdering av «bibliotekets digitale tjenester for brukerne pr. 12. juni» samanlikna med situasjonen 12. mars, altså før regjeringa si «krisepakke», Universitetsforlaget si opning av Idunn.no osv.

Undersøkinga og forskinga på dette er viktig med tanke både på nær og fjern framtid. Dei siste par dagane har ekspertar og myndigheitspersonar snakka stadig høgare om faren for nye smittebølger. Og ein må hugse at omlag kvar femte innbyggjar er i ei riskogruppe, noko biblioteka må ta omsyn til i lang tid framover.

Forskarar ved institutt for arkiv, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet gjennomfører undersøkinga. Tilsette i fag- og folkebibliotek har kvart sitt skjema til utfylling.

PS: Kan det stemme at det er heile førti år sidan førre større arbeidsmiljøundersøking for bibliotektilsette!? Nemleg forskingsprosjektet Biblioteksarbeid, arbeidstakerinteresser og EDB, initiert av dåverande Kommunale bibliotekarbeideres forening?

juni 22, 2020

Nyheitsbrevet, kjem det?

«Følg Blogg via Epost» står det så fint nede til høgre her. Då skal du få e-post kvar gong det kjem noko nytt, til dømes dette innlegget. 823 har meldt seg på, men vi har fått to meldingar om at det ikkje fungerer. Gjeld det fleire? Skriv til frilanders @ gmail.com.

juni 22, 2020

Det er greit at folkebiblioteket er ein kulturarv-institusjon, men …

Skjermbilde 2020-06-22 20.47.48

Bibliotekteknologi anno 1970-talet. Frå Informatikk- biblioteket ved UiO sitt lille museum

Vi skreiv tidlegare i dag om ein av følgjene av å ikkje utføre grundige analysar av statistikkdata frå folkebiblioteka. Endå eit teikn på at bibliotekstatistikk er blitt eit venstrehandsarbeid finn vi på side 109 i Kulturstatistikk 2018 (og tilsvarande i heftet for 2017 og 2016 osv, i alle fall tilbake til 1986). Då var det heilt naturleg, men i 2018-heftet skriv dei framleis om utfordringa med bibliotek som har «fotomekanisk utlånssystem» (mikrofilm + holkort, eventuelt foto også av lånekort)! Då måtte dei ta stikkprøver for å kunne innrapportere utlånsstatistikk.

Starten på den ganske brå slutten på historia om slike system og overgangen til digitale integrerte biblioteksystem i norske folkebibliotek fann stad i alle fall i 1982 om ikkje tidlegare (sjå side 23 ff).

juni 22, 2020

Overforenklinga av Bibliotek-Noreg

Skjermbilde 2020-06-22 20.05.20

Bloggaren har aldri hatt hjarte til å fotografere i triste norske bibliotek, derfor dette frå Rostock, DE

Etter den brutale senkinga av bokbåten Epos 9. juni leverte Audun Lysbakken (SV) straks eit skriftleg spørsmål til kulturminister Abid Raja (V) «om han i statsbudsjettet for 2021 vil gjeninnføre et statlig, øremerket tilskudd til mobile bibliotek, som blant annet bibliotekbåten Epos vil kunne få støtte av?».

Raja svarer først at dette er det for tidleg å svare på, men i resten av svaret, som er eit ganske klart nei, grunngir han det slik: «Selv om antallet mobile bibliotekavdelinger har gått ned i perioden etter at øremerket driftstilskudd ble avviklet, er det lite som tyder på at bibliotektilbudet i kommunene har blitt dårligere. I forbindelse med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2015-2018 oppgav hele 54 prosent av befolkningen at de hadde brukt folkebiblioteket det siste året» (våre uthevingar).

Logikken må vere: Bruken på landsbasis aukar, og vi må då tru at folk med lang veg og/eller dårlege offentlege kommunikasjonar til biblioteket, blant anna også ungar, eldre og sjuke, får det dei treng. For regnar det på presten osv.

Så enkelt er det ikkje, men Raja skal kanskje ikkje klandrast, for han veit sjølvsagt ikkje …

read more »

juni 22, 2020

Yess!

Å lese på NB.no 17. juni: «Nasjonalbibliografien er nå igjen tydelig tilstede på Nasjonalbibliotekets nettsider, det vil si den den delen av Nasjonalbibliografien som er registrert i Alma (BIBSYS-konsortiets felles biblioteksystem). I praksis betyr dette bøker, e-bøker, lydbøker, kart, periodika, innspilt musikk og noter. Tidsskriftsartikler og Samisk bibliografi er også med».

Den første lenka er rett nok dau, men prøv den andre.

PS: Nokre seier dei ikkje får nyheits-mailane dei har tinga kvar gong det er noko nytt på denne bloggen. Vi set pris på om du skriv dersom dette også gjeld deg: frilanders @ gmail.com.

juni 19, 2020

Bibliotek- eller ytringsfridomsdebatt?

Skjermbilde 2020-06-19 13.22.36Her på bloggen har vi fleire gongar klaga på det norske bibliotekmiljøet sin ivrige gang rundt dei fleste heite grautfat som finst og tendens til ikkje å fullføre faglegpolitiske debattar. Men no, mens dei fleste av oss har vore i kompakt korona-modus, har tidskriftet Bok og bibliotek og redaktør Odd Letnes gjort eit viktig forsøk på det motsette ved å ta opp det komplekse temaet biblioteket og ytringsfridomen. Både spesielt, knytt til spørsmålet om ein framandfiendtleg organisasjon skal få leige lokale på Deichman, og meir generelt. Ved å søke stadig nye og kompetente intervjuobjekt har debatten blitt sakleg og hatt god framdrift, og ein har vore innom dei fleste sidene av saka. 

Men det vil nok skje meir. I Morgenbladet denne veka ser vi at saka er på veg opp på kommunalpolitisk nivå: «Partiet Rødt har bedt byrådet om å nekte Stopp islamiseringen av Norge (Sian) og andre ekstreme organisasjoner å låne møtelokaler på biblioteket. «Folk skal ikke måtte risikere å møte Sian på biblioteket»». 

Vil partiet fråta biblioteksjefen det avgjerande ordet i slike saker, ein rett ho/han faktisk har med støtte i biblioteklova av 2014 pluss ei presisering av dåverande kulturminister Widvey? 

Den nye kulturbyråden i Oslo, SV-aren Omar Samy Gamal, svarer at han …

juni 17, 2020

Fredeleg heving av opplysingsnivået!

Skjermbilde 2020-06-17 15.12.28I Klassekampen i dag finn vi eit av dei betre innlegga i debatten om statue-riving eller ikkje av i 2020 politisk ukorrekte førfedrar eller -mødrar. Forfattar er Andrea Gaarder, mangeårig aktivist på skolebibliotek i den vidaregåande skolen, tillitsvald i BF osv.

Ho let oss re-printe heile innlegget her på bloggen:

Reis nidstanga!

Flere ønsker å fjerne statuer av Winston Churchill og Ludvig Holberg i Oslo. Om de vil opplyse nye generasjoner om helters mindre heroiske sider, vil det være bedre å rette en nidstang mot statuene. Dette var en effektiv demonstrasjonstradisjon på Island og i Norge mot noen man mente hadde gjort seg skyld i stygge saker. Et dyrehode ble tredd på en stang og langs sidene ble det risset inn en tekst om det gale noen hadde gjort.

Nidstanga ga uttrykk for avsky og vanære. Et kjent eksempel omtales i Egils saga – om da den islandske høvdingen Egil Skallagrimsson reiste en nidstang mot den norske kongen Eirik Blodøks og dronning Gunhild.

Å rive statuene vil være løsrevet fra den historiske sammenhengen. Jo visst hadde Holberg en aksje i slavehandelen og Churchill hadde i ord og gjerning vist sin rasistiske innstilling. Men det gjelder også å se …

read more »

juni 16, 2020

Nye Deichman: «Ubehagelig byrom», men relativt trygge bibliotekrom

Skjermbilde 2020-06-16 17.12.17

Det første fotoet vi tok av tomta til Nye Deichman, i 2008, og med teksten: «I 2014 ligg det nye biblioteket her» (ironisk smilefjes, men med eit forsonande glimt). Gratulere!

Mona Pahle Bjerke har «anmeldt» Deichman Bjørvika med spenstig grafikk på Nrk.no dagen før presse-omvisinga. Og med informative oversiktsbilete.

Ho er positiv til det aller meste, men skriv blant anna at «utkragingen mot vest», «den massive blokken som tilsynelatende svever 20 meter over bakken, [skaper] en intuitiv uro i oss som gjør det til et nokså ubehagelig byrom å oppholde seg i». Og om fasaden: «… rent estetisk ser kledningen dessverre plastaktig og billig ut».

Har vi høyrt det før? Og om kulturbygg i Bjørvika?

Men av dronefilmane får vi stadfesta at interiøret er svært sympatisk, og i alle fall tyder avstanden mellom reolane på at det er korona-trygt. Noko anna er kanskje vrimle-areala., som kan vere ei utfordring.

Ser fram til eit besøk, når bydelen ikkje lenger er landets episentrum, og når togreisa er blitt tryggare.

juni 15, 2020

Til Danmark i sommar?

Skjermbilde 2020-06-15 11.18.04

Frå Det kongelige bibliotek – også kjent som «Den sorte diamant» i sentrale København.

Bibliotekarar vil sjølvsagt gjere grundige litteraturstudium før kvar reise dei gjer, anten det er lokalt eller i det store, eller lille, utland. Som Danmark. Her eit interessant nettbidrag frå dansk TV2 om den fredelege danske overtakinga for hundre år sidan av Nordslesvig og Sønderjylland frå Tyskland (rett nok etter den svært ufredelege andre verdskrigen, der Tyskland tapte).

Men saka ville ikkje blitt noko av utan Det kongelige bibliotek, landets nasjonalbibliotek, som står for dei fleste illustrasjonane frå 1920.

juni 12, 2020

Det er fredag

I går minna vi oss sjølv om Bibliotekaksjonen sin presentasjon av skolebibliotek under Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002. Eit anna nedslag i pannebrasken frå den konferansen var filmen «Bibliotekaren – en dokumentar» av ein ung Vegar Hoel. Bibliotekarforbundet og NBF i Rogaland stod bak.

PS: Ikkje lat deg psyke ut av dei første minutta.