Archive for juni 2nd, 2020

juni 2, 2020

Biblioteket vs. Biltema

«Koronakrisen har avslørt regjeringens feilslåtte kulturpolitikk», meiner vår gamle ven Bernhard Ellefsen i Morgenbladet denne veka. Det er ein verkeleg saftig karakteristikk av regjeringas og særleg to Venstre-statsrådars kulturpolitiske honnørord-flaum og tomme svada. Og han avrundar slik: «De siste månedene har politikken dessuten vist seg å være faglig og sosialt uansvarlig. Til og med folkebibliotekene har holdt stengt, mens Elkjøp og Biltema har hatt butikkene fulle av kunder. Dette skyldes ikke permitteringer, men er like fullt en konsekvens av at kulturpolitikere sitter på hendene i krisetider, mens politikere og byråkrater i andre departement jobber vettet av seg for å redde sine felt. Kulturens kraft? Den må dere lenger ut på landet med».

juni 2, 2020

Korona-bibliotek på svensk

Skjermbilde 2020-06-02 11.31.48Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA arrangerer no ein serie webinar om «Best Practices from Around the World in the Time of COVID-19». Torsdag 11. juni klokka 10 til 11 a.m. US Central Time (det blir vel klokka 17 norsk tid?) får vi sjå korleis dei har ordna seg i bibliotek i korona-annleis-landet Sverige. Det er folkebiblioteka i Helsingborg og Mjölby som skal i elden (hugs påmelding til webinaret).

I Helsingborg har dei halde ope heile perioden, men 6. april  innførte dei grenser for kor mange som kan vere inne til kvar tid. I småbyen Mjölby ser vi at alle arrangement er avlyste, men elles ingen restriksjonar? Ved ein filial er det meirope tilbodet «ur funktion», men berre «tillfälligt». Mjölby inngår i Götabiblioteken, og om dei har same tilbod som i Linköping 20 kilometer austafor, har dei berre hatt nokre små restriksjonar, jamfør denne videoen. Som vi ser held dei avstand, men dei gjer ikkje reint tastaturet mellom to brukarar. 

Translate »