Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.
No er første generasjon digitalisering av samlinga til Stokes i gang hos Internet Archive, noko vi kan lese om på bloggen deira. Samtidig som det er laga ein dokumentarfilm om dette: Recorder: The Marion Stokes Project.
Marion Stokes er med dette oppnemnt til Barsk Bibliotekar nummer 16 her på bloggen.