Archive for juni 11th, 2020

juni 11, 2020

Boka vi heldigvis ikkje fekk gitt ut til jul

Skjermbilde 2020-06-11 16.21.23

«Illustrert: Nei», skriv BS. Faktisk heilt feil. Foto: Paulus Duits.

Også Biblioteksentralen tilbyr no den mest sjanger- overskridande turboka sidan «Guide til det danske høyfjellet». Her eit utval mulege Dewey-nummer: 359.14 / 439.822 / 526 / 526.8 / 551.31 / 554.81 / 554.823 / 577.3 / 634.9 / 796.509481 / 796.52209481 / 839.827008 / 910.014 / 914.810014 / 914.823 / 914.82304 / 929.97 / 948.23.

Det står «Innbundet», men det trengst ekstra plasting eller noko sånt på grunn av eit uvanleg stilig halv-omslag. Sånt sørger vel BS for.

Det kunne også stått coffee table book. Ingenting å ta med seg i sekken.

PS: Ingen seriøse firma vil annonsere på denne bloggen. Så driv vi heller eigenreklame. Presseomtalane er heller ikkje så gærne.

juni 11, 2020

«Fridom» for skolebiblioteket …

Skjermbilde 2020-06-11 11.20.09I eit debattinnlegg i Aftenposten i dag (og på Periskop) går leiarar og representantar for ti institusjonar og organisasjonar på kultur- og kunnskapsfeltet til frontalåtak på forslaget til ny opplæringslov. Fordi utvalet foreslår å «fjerne begrepet skolebibliotek i loven, erstatte det med bibliotek og dermed gi kommunene større frihet til selv å finne lokale løsninger».

Denne typen «fridom» er som kjent éin av den nyliberale staten sine metodar for å kutte i offentlege utgifter og omdanne samfunnet etter marknadslogikken.

Det norske skolebiblioteket har alltid vore ein kasteball på alle forvaltingsnivå, heilt ned på den enkelte skolen. For tjue år sidan danna fleire av dei same organisasjonane Bibliotekaksjonen, der skolebibliotek og tilbodet til barn var heilt sentralt. På Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002 presenterte dei nokre gode føredøme, blant anna det nybygde, flotte skolebiblioteket ved Slevik skole i Fredrikstad. Eit par månader seinare tok eg, som journalist, kontakt med skolen med tanke på å gjere ein reportasje, men då …

read more »

Translate »