
Det første fotoet vi tok av tomta til Nye Deichman, i 2008, og med teksten: «I 2014 ligg det nye biblioteket her» (ironisk smilefjes, men med eit forsonande glimt). Gratulere!
Mona Pahle Bjerke har «anmeldt» Deichman Bjørvika med spenstig grafikk på Nrk.no dagen før presse-omvisinga. Og med informative oversiktsbilete.
Ho er positiv til det aller meste, men skriv blant anna at «utkragingen mot vest», «den massive blokken som tilsynelatende svever 20 meter over bakken, [skaper] en intuitiv uro i oss som gjør det til et nokså ubehagelig byrom å oppholde seg i». Og om fasaden: «… rent estetisk ser kledningen dessverre plastaktig og billig ut».
Har vi høyrt det før? Og om kulturbygg i Bjørvika?
Men av dronefilmane får vi stadfesta at interiøret er svært sympatisk, og i alle fall tyder avstanden mellom reolane på at det er korona-trygt. Noko anna er kanskje vrimle-areala., som kan vere ei utfordring.
Ser fram til eit besøk, når bydelen ikkje lenger er landets episentrum, og når togreisa er blitt tryggare.