Archive for juni 19th, 2020

juni 19, 2020

Bibliotek- eller ytringsfridomsdebatt?

Skjermbilde 2020-06-19 13.22.36Her på bloggen har vi fleire gongar klaga på det norske bibliotekmiljøet sin ivrige gang rundt dei fleste heite grautfat som finst og tendens til ikkje å fullføre faglegpolitiske debattar. Men no, mens dei fleste av oss har vore i kompakt korona-modus, har tidskriftet Bok og bibliotek og redaktør Odd Letnes gjort eit viktig forsøk på det motsette ved å ta opp det komplekse temaet biblioteket og ytringsfridomen. Både spesielt, knytt til spørsmålet om ein framandfiendtleg organisasjon skal få leige lokale på Deichman, og meir generelt. Ved å søke stadig nye og kompetente intervjuobjekt har debatten blitt sakleg og hatt god framdrift, og ein har vore innom dei fleste sidene av saka. 

Men det vil nok skje meir. I Morgenbladet denne veka ser vi at saka er på veg opp på kommunalpolitisk nivå: «Partiet Rødt har bedt byrådet om å nekte Stopp islamiseringen av Norge (Sian) og andre ekstreme organisasjoner å låne møtelokaler på biblioteket. “Folk skal ikke måtte risikere å møte Sian på biblioteket”». 

Vil partiet fråta biblioteksjefen det avgjerande ordet i slike saker, ein rett ho/han faktisk har med støtte i biblioteklova av 2014 pluss ei presisering av dåverande kulturminister Widvey? 

Den nye kulturbyråden i Oslo, SV-aren Omar Samy Gamal, svarer at han …

Translate »