«Følg Blogg via Epost» står det så fint nede til høgre her. Då skal du få e-post kvar gong det kjem noko nytt, til dømes dette innlegget. 823 har meldt seg på, men vi har fått to meldingar om at det ikkje fungerer. Gjeld det fleire? Skriv til frilanders @ gmail.com.
Det er greit at folkebiblioteket er ein kulturarv-institusjon, men …

Bibliotekteknologi anno 1970-talet. Frå Informatikk- biblioteket ved UiO sitt lille museum
Vi skreiv tidlegare i dag om ein av følgjene av å ikkje utføre grundige analysar av statistikkdata frå folkebiblioteka. Endå eit teikn på at bibliotekstatistikk er blitt eit venstrehandsarbeid finn vi på side 109 i Kulturstatistikk 2018 (og tilsvarande i heftet for 2017 og 2016 osv, i alle fall tilbake til 1986). Då var det heilt naturleg, men i 2018-heftet skriv dei framleis om utfordringa med bibliotek som har «fotomekanisk utlånssystem» (mikrofilm + holkort, eventuelt foto også av lånekort)! Då måtte dei ta stikkprøver for å kunne innrapportere utlånsstatistikk.
Starten på den ganske brå slutten på historia om slike system og overgangen til digitale integrerte biblioteksystem i norske folkebibliotek fann stad i alle fall i 1982 om ikkje tidlegare (sjå side 23 ff).
Overforenklinga av Bibliotek-Noreg

Bloggaren har aldri hatt hjarte til å fotografere i triste norske bibliotek, derfor dette frå Rostock, DE
Etter den brutale senkinga av bokbåten Epos 9. juni leverte Audun Lysbakken (SV) straks eit skriftleg spørsmål til kulturminister Abid Raja (V) «om han i statsbudsjettet for 2021 vil gjeninnføre et statlig, øremerket tilskudd til mobile bibliotek, som blant annet bibliotekbåten Epos vil kunne få støtte av?».
Raja svarer først at dette er det for tidleg å svare på, men i resten av svaret, som er eit ganske klart nei, grunngir han det slik: «Selv om antallet mobile bibliotekavdelinger har gått ned i perioden etter at øremerket driftstilskudd ble avviklet, er det lite som tyder på at bibliotektilbudet i kommunene har blitt dårligere. I forbindelse med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2015-2018 oppgav hele 54 prosent av befolkningen at de hadde brukt folkebiblioteket det siste året» (våre uthevingar).
Logikken må vere: Bruken på landsbasis aukar, og vi må då tru at folk med lang veg og/eller dårlege offentlege kommunikasjonar til biblioteket, blant anna også ungar, eldre og sjuke, får det dei treng. For regnar det på presten osv.
Så enkelt er det ikkje, men Raja skal kanskje ikkje klandrast, for han veit sjølvsagt ikkje …
Yess!
Å lese på NB.no 17. juni: «Nasjonalbibliografien er nå igjen tydelig tilstede på Nasjonalbibliotekets nettsider, det vil si den den delen av Nasjonalbibliografien som er registrert i Alma (BIBSYS-konsortiets felles biblioteksystem). I praksis betyr dette bøker, e-bøker, lydbøker, kart, periodika, innspilt musikk og noter. Tidsskriftsartikler og Samisk bibliografi er også med».
Den første lenka er rett nok dau, men prøv den andre.
PS: Nokre seier dei ikkje får nyheits-mailane dei har tinga kvar gong det er noko nytt på denne bloggen. Vi set pris på om du skriv dersom dette også gjeld deg: frilanders @ gmail.com.