
Mange format til nedlasting for denne boka, men ikkje slik for alt i IA.
1-talet i overskrifta er eit signal om at det kjem meir – om den utrulege digitale ressursen Internet Archive. Det kjem i små drypp. I dag fann eg tilfeldigvis boka «Hvem er hvem i norsk kulturliv» frå 1987 då eg leita etter biografiske opplysningar om den tidlegare sjefen min og blant anna IFLA-president Else Granheim.
Boka finst på nb.no også, men ikkje i ti ulike format, blant anna ikkje lydbokformatet DAISY! Og du kan, til skilnad frå NB, laste ned alle. Du kan også få side for side lesen opp frå skjermen (sjå ikon på linja under). Med svensk talesyntese (?).
Apropos svensk, så finst boka også på Runeberg, og det er der ho kjem frå til IA. Ser vi nærmare etter lastar Runeberg opp alt (?) dei har dit. Fordelen er då at på IA finn vi alt på éin plass. Det same gjeld ei mengd andre digitaliseringsprosjekt.
Nasjonalbiblioteket kan ikkje vere med på dette, ifølgje avtalen med KOPINOR, der berre norske IP-ar får tilgang. Men så ser vi at folk likevel bidrar med enkelte titlar frå NB, i alle fall slike som har falle i det fri. Dette bør vi følgje opp.