Archive for juli 2nd, 2020

juli 2, 2020

Nytt initativ for Epos: – Vestlandet sitt flytande litteraturhus!

Skjermbilde 2020-07-02 19.52.37

Kulturarbeidarar og mannskap i november 2013, då Epos var nominert til Årets bibliotek

«Bokbåten er død – leve Epos!» er overskrifta på eit lesarinnlegg i avisa «Strilen» her om dagen. Som forfattaren, Marit Gro Berge, avdelingsleiar ved Strilabiblioteket i Alver kommune, har gjeve oss løyve til å gjenbruke på bloggen.

Ho meiner debattantar både for og imot «har rota til debatten gjennom ikkje å fokusere på det denne unike båten eigentleg er: Eit moderne, levande litteraturhus med litteraturformidling og ulike formar for kulturelle opplevingar! … I desse dagar sender Strilabiblioteket i Alver, i samarbeid med avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit, ut ein invitasjon til kommunar langs kysten om å samle seg rundt ein prosjektsøknad for å prøve ut vidare drift av Epos.  Kvar kommune skal stå for personale, litteraturformidling og kulturelle arrangement i sin kommune, og  prosjektstøtta skal dekkje sjølve drifta av båten».

Les heile innlegget:

read more »

juli 2, 2020

– I seg selv er ikke biblioteket nok

Skjermbilde 2020-07-02 11.50.45Nye Deichman i Bjørvika i Oslo er eit godt høve til å snakke bibliotek. Dette gjer rektor, instituttleiar og tre forskarar ved ABI ved OsloMet på Khrono.no 18. juni. Bodskapen deira er, naturleg nok, utdanning av bibliotekarar, og her er det særleg ei utfordring dei  «tar på alvor og jobber videre med: Å rekruttere flere med minoritetsbakgrunn. Norsk biblioteksektor trenger bibliotekarer som speiler mangfoldet i samfunnet».

>> Fotoet: 9. desember var sist bloggaren såg Nye Deichman. Seinare har koronaen gjort offentleg kommunikasjon dit lite freistande. Heldigvis finst det også bibliotek i gangavstand.

Translate »