Tett med folk. Ikkje uvanleg i eit bibliotek. Her frå Göteborg HB i november.
Slik kan ein i alle fall forstå Nasjonalbiblioteket og avtalepartnerane deira når dei no avsluttar den utvida retten til bruk av pliktavlevert materiale. Den opprinnelege meldinga om «Utvidet tilgang til digitalisert materiale under korona-krisen» finn vi blant anna 25. mars på Wayback Machine, men i dag, 6. juli. har teksten fått eit heilt annleis tillegg på toppen om at tilbodet opphøyrde 1. juli.
Det finst alternative tilbod, som ordinært lån eller fjernlån av fysiske eksemplar, men det er framleis slik at omlag 20 prosent av folket tilhøyrer ei eller fleire risikogrupper og at éin smitta person på eit bibliotek kan føre til spreiing med alvorlege følgjer for enkelte av oss. Sjå berre kva 239 forskarar frå 32 land i dag konfronterer WHO med: «Mener korona smitter mye lettere enn tidligere trodd». Frå før er det mykje som tyder på at store fellesareal og opne kontorlandskap er risikable. Underteikna får i sommar nær familie på besøk, der éin har sterkt redusert immunforsvar. Så dette har vi lært oss litt om.
I tillegg blir det stadig færre bibliotek her i landet, så stadig fleire må ta bussar, banar og tog for å kome til biblioteket. Transportmiddel som vi no ser at blir noko av det mest trugande ein kan tenkje seg.
Kvifor kunne ikkje ordninga bli permanent? Det kan ikkje ha kosta staten svært mykje i ekstra overføringar til rettshavarorganisasjonane? Samanlikna med dei andre store krisepakkene. Men gje dei det dobbelte, då. Det har staten råd til, i kunnskapens og demokratiets namn.
BiS sitt viktige korona-nummer. Illustrasjon Stellan Klint
Koronakrisa har eigentleg vore enkel for norske bibliotek og bibliotektilsette. Praktisk talt alle blei stengde etter 12. mars, og straks dreidde fokuset over mot digitale tilbod og «take-away». Men i Sverige har berre nokre få bibliotek etter kvart blitt stengde, mens dei fleste er opne, med antibac og instruks om å halde avstand. Men så har svenskane sanka fleire røynsler – og hatt fleire og tøffare debattar blant dei tilsette. Noko vi må lære av innan det kjem nye oppblomstringar her også. Det har alt vore nær ved nokre stader.
For ei veke sidan siterte vi frå BiS-bloggen ein svensk bibliotekar som opplagt er utrygg når kommunen har avgjort at biblioteket hennar skal halde ope. På FB-gruppa Bibliotek i coronakris har folk delt idear om korona-trygge tilbod, men også hatt ein tøff debatt om samfunnsoppgåva kontra arbeidsmiljø og personleg tryggleik. Anten eller, kan det sjå ut som frå ein norsk synsstad. Og i det ferske «korona-nummeret» til BiS heiter det bastant i ein artikkel:
«Några få bibliotek har stängt helt och hållet, och bibliotekenses uppenbarligen i de kommunerna inte som en samhällsviktig verksamhet. Med hänsyn taget till de av Folkhälsomyndigheten ålagda restriktionerna och med nödvandiga anpassningar borde alla bibliotek enligt vår mening sträva efter att erbjuda så bred verksamhet som mojligt» (vår utheving).
Slike låneprotokollar frå tidleg 1800-tal og langt seinare var trugsmål mot personvernet, men misbruk av datasystema i 2020 kan vere mykje meir alvorleg (frå Eiker folkeboksamling, trykt i Kildal: Norske folkeboksamlinger, side 184.
Oppdatert 6.7. kl 11.17.
På Nrk Nyhetsmorgen på P2 Radio måndag 6. juli kl 9.19: «Studentar avslørte sikkerhetshull» (sjå meny på venstre side). Bibliofil er i bruk i 159 bibliotek rundt i landet. Dei tre studentane ved NTNU gjennomførte ei sikkerhetstesting av biblioteksystemet som ledd i arbeidet med ei bachelor-oppgåve. IT-ansvarleg ved Trondheim folkebibliotek melder at dette skjedde «i fullt samråd med Trondheim kommune og Bibliotek-Systemer AS». Produsenten forsikrar at ingen andre enn studentane har utnytta holet. Torgeir Waterhouse seier at «Hovedproblement er at man ikke gjør systematisk testing, hele tiden. … De som tar beslutninger må være villige til å løfte sikkerhetsnivået».