Svensk korona-skvis: Samfunnsoppgåva eller tryggleiken?

Skjermbilde 2020-07-05 23.29.37

BiS sitt viktige korona-nummer. Illustrasjon Stellan Klint

Koronakrisa har eigentleg vore enkel for norske bibliotek og bibliotektilsette. Praktisk talt alle blei stengde etter 12. mars, og straks dreidde fokuset over mot digitale tilbod og «take-away». Men i Sverige har berre nokre få bibliotek etter kvart blitt stengde, mens dei fleste er opne, med antibac og instruks om å halde avstand. Men så har svenskane sanka fleire røynsler – og hatt fleire og tøffare debattar blant dei tilsette. Noko vi må lære av innan det kjem nye oppblomstringar her også. Det har alt vore nær ved nokre stader.

For ei veke sidan siterte vi frå BiS-bloggen ein svensk bibliotekar som opplagt er utrygg når kommunen har avgjort at biblioteket hennar skal halde ope. På FB-gruppa Bibliotek i coronakris har folk delt idear om korona-trygge tilbod, men også hatt ein tøff debatt om samfunnsoppgåva kontra arbeidsmiljø og personleg tryggleik. Anten eller, kan det sjå ut som frå ein norsk synsstad. Og i det ferske «korona-nummeret» til BiS heiter det bastant i ein artikkel:

«Några få bibliotek har stängt helt och hållet, och biblioteken ses uppenbarligen i de kommunerna inte som en samhällsviktig verksamhet. Med hänsyn taget till de av Folkhälsomyndigheten ålagda restriktionerna och med nödvandiga anpassningar borde alla bibliotek enligt vår mening sträva efter att erbjuda så bred verksamhet som mojligt» (vår utheving).

Har vi sett noko liknande i Noreg? Berre i …… Morgenbladet der Bernhard Ellefsen meinte noko i den gata. Og 27. april, halvannan månad etter stenginga, gav Kulturdepartementet og Nasjonalbiblioteket signal om at stenging av biblioteka ikkje var prioritert frå statens side.

Men sånt «beit ikkje» på norske bibliotek. Først den siste månaden har ting nærma seg den gamle normalen, men framleis med store restriksjonar dei fleste stadene. I små bibliotek der til dømes to av tre tilsette er i risikogrupper kan opningtidene vere sterkt reduserte.

Vi nektar å tru at norske bibliotektilsette er mindre opptatte av samfunnsoppgåva enn dei svenske. Så truleg speglar dette dei sentrale styresmaktene sine motsette tilnærmingar til kotonakrisa. Med andre ord dei ulike teoriane om særleg folkeimmunitet. Og at vi til no i Noreg ikkje har trengt å tenkje så mykje over dette.

Kva vil skje når det blomstrar opp igjen? I Noreg? I Sverige?

Vi kjem snart med meir frå dette viktige BiS-nummeret. Bladet kan tingast direkte, men sikkert også på NBF Tidsskriftformidlingen.

3 Trackbacks to “Svensk korona-skvis: Samfunnsoppgåva eller tryggleiken?”

Leave a Reply