Archive for juli 10th, 2020

juli 10, 2020

Tjue milliardar til biblioteka?

Skjermbilde 2020-07-10 13.46.54

Yoga kan ikkje redde biblioteka no, men det var eit tilbod under ALA-konferansen i Chicago i 2017

Dette er grovt omrekna frå dollar, og då forstår vi at det handlar om USA, ikkje Noreg. Og det er førebels berre eit forslag som to sentrale politikarar frå Demokratane har lagt fram og som bibliotekforeininga ALA sjølsagt stør. Til skilnad frå korona-støtta her i landet er dette ikkje prosjektpengar, men støtte for å kompensere for konkrete øydeleggingar etter pandemien:

  • $1.7 billion to be distributed to local libraries through state library agencies based on state population, with a minimum of $10 million to each state
  • $45 million in formula grants to Tribal libraries
  • $200 million in competitive grants to strengthen library services to communities affected by COVID-19
  • $40 million for IMLS to administer grants and conduct research and data collection related to the impacts of COVID-19
juli 10, 2020

«Verdenskjent bibliotekar»

Det er ikkje ofte Finansavisen skriv om bibliotek. Dei skreiv om at gamle Deichman er til sals for 58 millionar og sjølvsagt har dei annonsar for bustader av typen «Praktfull klassisk enebolig med sjel», der bibliotek ofte er eit pluss. Men her om dagen var overskrifta «Blir verdenskjent bibliotekar». Det handlar om Elise By Olsen (20) som, «etter å ha etablert flere magasintitler, som Recens Paper og Wallet, er … klar for å tenke på arkivering og motehistorie». Men det handlar nok ikkje om korona-maskar «Library Style».

Andre verdskjende norske bibliotekarar kan melde seg i kommentarfeltet. Go hælj.

juli 10, 2020

Det er fredag

forhåndsregler riksaviserNår ein driv med lesing og skriving dag ut og dag inn, vil ein iblant reagere på språkleg slurv og, om ein er i dét humøret, stange i veggen eller liknande. Ved til dømes konstruksjonen «forhåndsregler». Som ikkje har noka meining og ikkje finst i språket, ikkje i noka målform (på nynorsk: «føregjerd»). Men i pandemiske tider som desse støter vi ganske ofte på dette, men der dei burde ha skrive «forholdsregler».

Til no i 2020 gir søk i Atekst 847 treff på «forhåndsregler» mot 6601 på det korrekte ordet. Altså er 11 prosent feil. For ti år sidan, i 2010 var 13 prosent feil, så det går sakte framover. I rikspressa er dei litt betre; der tar dei «berre» …

read more »

Translate »