Archive for juli 17th, 2020

juli 17, 2020

«Revolusjon» godt i gang

Skjermbilde 2020-07-17 13.44.15

Ikkje fallen betalingsmur, men ruin av bygdeborg. Frå ei bok der to kapittel er «open access». Klikk og kikk 🙂 

Dette er ein mellomtittel fra Khrono.no sitt intervju med direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Det handlar om at «Frå 2021 får norske forskarar ikkje lenger pengar frå Forskingsrådet dersom dei gir bort opphavsretten til tidsskrift og forlag».

Røttingen seier blant anna: «Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar med Plan S».

I dag følgjer Khrono opp med to litt ulike synspunkt frå to forskarar: «Meiner forskarar må ha rett til å «klippe og lime» frå publiserte artiklar».

juli 17, 2020

Det er fredag

«Lei kona? Lei kano!». Ein gong på ironiens 1990-tal kunne vi lese dette på eit reklameskilt for kano- og kajakkutleige i ein østfoldby på fire bokstavar. Tretti år seinare, når no pendelen har slått motsett ut, til dei lett-krenkelege sin fordel, er slagordet sjølvsagt blitt umuleg. Og burde vore dobbelt umuleg for bibliotek som måtte innføre det same tilbodet. Om dei då ikkje vel å bryte gratisprinsippet. For å seie det slik.