Juli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen NBBS står som utgjevar av. Men dei kvite flekkane på dette kartet er mange, så foreininga hadde fortent meir støtte både med økonomi frå institusjonane og frivillig kompetent innsats. Bloggaren har no meldt seg inn, med ambisjon å skrive litt om dei når dei fortener det.
No fortener dei det. Det er blitt ei fin bok på fleire måtar. Ein del av emna i boka er vi kjende med, men, som det står i baksideteksten: «Utgivelsen presenterer både velkjente temaer i nytt perspektiv og emner som det tidligere ikke har vært skrevet om». Underteikna har faktisk vore på Bibliothèque Nordique i Paris (i 1997), men først no lese meir enn fem linjer om institusjonen. Og om «Rokokkoen i norsk typografi», «Dekorert papir» og tidsskriftet «Magazin for Naturkundskab» visste vi tidlegare ingen ting.
Det er inga stor bok, men dei 131 sidene er innhaldsrike og avdekker eit stort tematisk mangfald. Geografisk spenner det frå Christiania/Kristiania/Oslo via Spydeberg (eigentleg Enebakk) og Trondheim til Paris, og i tid frå 1600-talet til nesten i dag.
Dei to innleiande kapitla handlar om …