Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at du først kjem til IKEA). I ein artikkel på nettstaden Bloomberg 13. juli er dei også uroa over at den auka kommersialiseringa gjer det vanskelegare for andre enn dei verkeleg store å marknadsføre produkt og tenester. Ifølgje interne kjelder skal det ha vore usemje om denne linja, der dei plasserer fire og ikkje lenger «berre» tre annonsar på topp.
Der det er muleg. Til og med eit så spesielt søk som «kortreiste topper» (frå tittelen på ei viss toppturbok som bloggaren er medskuldig til) får skarp konkurranse av «skulderløse» og «puff ermede» toppar. Truleg svært lite kortreiste.
Ifølgje Bloomberg-journalisten var det alt i 2004 at Google-leiinga ignorerte eit spørsmål frå den US-amerikanske anti-trust-komiteen om …