
Biblioteket anno 1990 – og 2021?
I april skreiv vi om at medlemmane av den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA tok del i ei kartlegging av tilstanden i biblioteka under koronaen. No har dei laga ein – førebels – rapport, «A European library agenda for the post-Covid 19 age» (pdf), der dei ikkje berre oppsummerer kartlegginga, men innbyr til debatt rundt fem felt der koronaen har endra vilkåra for bibliotekdrift:
- Exponential social distancing: a well-connected two-meter library;
- Technologies are mutating and shaping libraries in new ways;
- Uncharted economic territory: review the library budget composition;
- Library governance at central and local levels;
- Do not forget the climate change opportunity and threat.
Innhaldet i dei to første punkta kjenner vi godt igjen frå den norske utviklinga sidan mars, blant anna skildra i mange punkt her: «Kreativitet mot korona». Men i den nye rapporten synst vi punkt 3 er aller viktigast, særleg fordi det ikkje har vore på dagsorden enno. Fritt omsett: «Det ikkje-kartlagte økonomiske feltet; ein ny gjennomgang av bibliotekøkonomien». Nedanfor ei like fri og høgst uoffisiell omsetting av dette punktet i samandragskapitlet («executive summary»), pluss nokre andre sitat. Vilkåra for finansiering av lokale bibliotek er altså sterkt endra (våre uthevingar):