Archive for august 13th, 2020

august 13, 2020

Scene- og sokkelnekt?

Skjermbilde 2020-08-13 kl. 18.37.32

Finn ikkje ut kor vi har dette frå. Ironisk meint?

Som bibliotekbloggar burde ein ha gått grundig inn i desse debattane, men det får eventuelt bli utpå hausten. Og i utgangspunktet er jo folkebiblioteket soleklart for fri meiningsutveksling.

Når dét er sagt, er det grunn til å dele intervjuet Dag og Tid hadde med Rune Slagstad om desse tinga. Han «avviser kategorisk scenenekt som strategi», også når han blir møtt med påstanden at Sian (Stopp islamiseringen av Norge) «ikkje [skal] få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde». Men intervjuet tar utgangspunkt i boka til Fosli, der Slagstad er klar på at bokmeldinga burde ha blitt trykt i Prosa. Men samtidig påpeiker han at bladet har «bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar». Men les heile.

Så snubla vi også over to verkeleg omfattande artiklar på Wikipedia om både …

read more »

august 13, 2020

Stor kreativitet i tre månader, men kva så?

Skjermbilde 2020-08-13 kl. 16.47.45

Ikkje domenetap til IKEA, får vi håpe (bokryggane innover!)

Google Scholar-søket «”public library” AND (corona OR covid)» gir i dag 7 500 treff. Dette skal stort sett vere seriøse artiklar og rapportar. I tillegg kjem alt som er skrive på ulike sosiale media. Temaet har sjølvsagt engasjert sterkt og vil og skal gjere det i lang tid framover.

Det aller meste handlar om praktiske spørsmål og om kreativitet og ofte spontan innovasjon. Vi kom til dømes over ein diger artikkel på Wikipedia med tittelen «Impact of the COVID-19 pandemic on the arts and cultural heritage», også med eit avsnitt om bibliotek. Og NAPLE har gjort ein rapport om gjenopninga: «Public Libraries in Europe and COVID-19: Re-opening Strategies Findings from NAPLE Members May-July 2020» (NAPLE er organisasjonen for nasjonale folkebibliotekadministrasjonar; typisk NB her i landet).

Men utan studiar av post-korona-kapitalismen og nytenking omkring strategi vil 2021 bli ei stor negativ overrasking for bibliotekfeltet, i alle fall folkebiblioteka. Sånn sett må noko av det viktigaste vere det den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA driv med (og som vel medlemsorganisasjonane følgjer opp?; dei er fire i Noreg, alle i Oslo). Korleis unngå store domenetap til private konsern som Google, Amazon og Netflix (men også IKEA? Sjå fotoet)? Og korleis finansiere bibliotekdrift framover?

Har biblioteka nokon gong tidlegare vore i ein slik situasjon? Neppe. Under tilbakeslaga under depresjonen på 1920-talet og fleire tilsvarande på 1800-talet var standarden så låg at fallet ikkje blei så stort. No er det mykje å tape.

 

Translate »