Slik fekk vi i ettermiddag vite at nokon er blitt fornærma og rapportert ting frå bloggen som vi har delt på bloggens Facebookside. Dei som anten ikkje blir krenkte, eller som toler det, kan i staden tinge nyheitsbrevet vårt, på linje med p.t. 828 andre. Sjå her nede til høgre >>
Vi har hatt Plan S på blokka eit par veker, etter at bomba sprang om at det europeiske forskingsrådet ERC i juli trekte seg frå heile planen. «Uforståeleg», sa direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Før han annonserte overgang til Utanriksdepartementet som «global helseambassadør». Så kom det nokre lesarinnlegg på Khrono.no der norske Plan S-skeptikarar gav – høfleg – inntrykk av ei viss letting. Men i dag har nettstaden eit innlegg av tre tilsette ved UiT, blant anna bibliotekdirektør Johanne Raade, med tittelen «Plan S: Snøballen som må rulle». Dei avsluttar likevel med eit atterhald i den siste setninga: «Det er på høy tid at forskerfellesskapene og institusjonene sørger for at flere seriøse tidsskrift går over fra kommersielle forlag til åpne plattformer. Fordi det er den veien snøballen ruller, og må rulle videre, med eller uten hjelp av Plan S».
I ein artikkel i Nature frå midten av juni kan vi lese om auka vilje til å publisere og dele forsking om koronapandemien og at særleg fagfellevurdering og dermed publisering har tatt mykje kortare tid enn før. Men samtidig er nokre i tvil om dette vil halde fram og bety …