Archive for august 29th, 2020

august 29, 2020

Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?

I det no nedlagde (sic!) biblioteket i Bethnal Green i Aust-London var Karl Marx på veggen

E-postlista Biblioteknorge, det klart viktigaste forumet gjennom tjue år både når det gjeld små og store bibliotekspørsmål, blei fredag 28.8., på éin dags varsel, stengt av eigaren, Nasjonalbiblioteket. Dei kunne ha berre frose det og halde det framleis søkbart, men har istaden gjort alt innhaldet utilgjengeleg, medrekna det siste døgnets debatt om nedlegginga. Derfor sjå sakene her på bloggen med stikkordet Biblioteknorge2020., blant anna også eit intervju med Thomas Gramstad som imøtegår NB sin påstand om forelda teknologi som grunn for full nedstenging.

I denne situasjonen rår NB oss til å bruke dei 56 (?) ulike del-forum (sjå nokre få i illustrasjonen ovanfor) på nettstaden deira Bibliotekutvikling.no (krev innmelding). Blant dei 56 finn vi ingen del-forum om bibliotekpolitikk, men éitt heiter det same som den nedlagde lista, og der kan vi vel forsøke å auke aktiviteten, frå berre 40 innlegg det siste året. Om ikkje nokon annan kan kopiere og starte opp Biblioteknorge igjen (sjå intervjuet med Gramstad).

Men om ikkje dette duger, bruk veldig gjerne denne bloggen, særleg til bibliotekpolitiske spørsmål. ytringsfridom, debattbiblioteket osv. ! Tips meg på frilanders @ gmail.com.

Heile 873 personar …

read more »
august 29, 2020

Meir forsking på overflate- og luft-virus

Vi skreiv nyleg om bibliotekkonsortiet OCLC si forsking på koronavirus på typiske «bibliotek-overflatar». No les vi på TU – Teknisk Ukeblad – at «Her måler FFI hvor mye koronavirus det er på T-banestasjonen». Og vidare: «Er det virus på benken, på billettautomaten eller i lufta? Og er det smittsomt?»

august 29, 2020

Gratulere med solid utført sletting, Nasjonalbiblioteket!

Hej, for en skinnede port! 
Stå! Vil du stå! Det rygger 
længer og længer bort! 

No er fagforumet Biblioteknorge grundig fjerna frå Verdsveven (les meir om dette). Om du søker etter arkivet kjem du berre til nyheitssida på Bibliotekutvikling.no. Det same gjeld for lenker til innlegg på lista som vi har brukt i artiklar her på bloggen. Til dømes til talen underteikna skulle ha halde under Bibliotekmøtet i Haugesund i mars som takk for NBF sin pris (han fanst berre på Biblioteknorge, men nokre av dei som har lese han vil meine det ikkje er noko tap …). Men mange myyykje viktigare innlegg er blitt søkk vekk for ettertida.

Dei skriv at dei skal «bevare» innhaldet, men blir det tilgjengeleg, spør blant anna Thomas Gramstad? Etter prinsippa deira for arkivering av .no-domenet vil det berre bli tilgjengeleg for «forskning og dokumentasjon på særskilte vilkår». Men dei skriv også at «Deler av samlingen kan bli gjort tilgjengelig for allmennheten». Så får vi håpe på det. Men godt søkbart som inntil fredag morgon denne veka, blir det neppe.

Eit vagt minne om forumet/lista finn vi på Wayback Machine, men der er det nyaste frå 2017. Og klikking på den enkelte månaden gjev (førebels) informasjon om at «This page is available on the web!». Men dét vil vel snart bli retta.

Om det Norske Kongelige Nasjonalbibliotek her har brukt metoden med Robot Text File for å stenge seg ute, er komedien/tragedien fullendt. Men dette er ord som berre slike som underteikna, som for lengst er stempla som konspirasjonsteoretikar, bør ta i sin munn.

Translate »