6.10.:Etter ei veke er Saxi sitt innlegg det mest lese debattinnlegget på KR
Etter at biblioteksjefen i Steigen i Nordland nyleg gjekk ut med forslaget om ein nærbibliotekreform har dette blitt ein trend. Klassekampen var ute med ei åtvaring om at kommunesamanslåingane kan føre til nedleggingar av noverande filialar, men som var hovudbibliotek i randkommunar for berre eit år sidan.
Så kjem i dag Kommunal Rapport med eit debattinnlegg frå Kirsti Saxi (SV), fylkesråd for kultur, klima og miljø i Nordland, med tittelen «Smått e’ godt – folkebiblioteket som lokal samfunnsbygger»(var visst i papirutgåva 24.9.). Bodskapen hennar er den same, at også små samfunn treng bibliotek, men betre bibliotek enn dei ofte er i dag. Trass i «en klar konsensus at “bibliotek er bra”, og “samfunnsnyttig”. Det er dog ikke alltid like lett å få omsatt plussord i kroner og øre, og bibliotek har i mange år vært nedprioritert når budsjett skal flettes sammen, både på nasjonalt og kommunalt nivå».
Ho peikar spesielt på fylkesbiblioteka si rolle her. Ho viser til …
Vi får vite at «det allerede finnes aktører som tilbyr grunnleggende digital opplæring i kommunen (f. eks. Seniornett, Pensjonistforbundet, Frivilligsentral, Røde Kors)», men biblioteka er ikkje nemnde, trass i kor omfattande innsatsen deira har vore på området i fleire ti-år. Men der ein ikkje alt er igang må det vel vere fritt å søke også for bibliotek. Men gjennom kommunen, forstår vi.
PS: I 2019 var det framleis 12 prosent av responentane i Innbyggerundersøkelsen som ikkje brukte internett dagleg.
På Khrono i dag: «Sammen med Høgskolen i Innlandet (HINN) og OsloMet har Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) satt i gang et prøveprosjekt hvor studenter kan få pensum i form av lydbok eller e-bøker, dersom de har behov for det. — For mange studenter vil dette være avgjørende for om de klarer å fullføre studiet sitt, sier prosjektleder i NLB, Hanne Lillevold».
Det tysdag igjen og tid for å minne om ein kategori på bloggen. Ein viktig ein, etter vår meining, er «Barske bibliotekarar». Her finst det per i dag 19 artiklar. Vi står i dag framfor dei tøffaste forsvarskampane på lenge, nemleg under og etter koronaen, og då bør vi lære av dei som gjennomførte dei suksessrike forsvarskampanjene for finske folkebibliotek på 1990-tallet.
Deichman Bjørvika er ifølgje Kulturbyen Oslo nominert til prisen “Trend Brand of the Year”. Om du er i Potsdam torsdag 26. november kan du få med deg resultatet og den eventuelle prisoverrekkinga.
Ifølgje arrangøren måtte kandidatane i søknadane gjere greie for sine «utopias, changing ideas, exciting campaigns or your future-oriented cultural projects that stimulate the European cultural market with new impulses and thus change society in the long term!».
I Noreg er Axiell mest kjend for biblioteksystema Mikromarc+ og Quria, men har også her bibliotekdrift på tilbodslista.
Så den svenske utgreiinga blir også interessant her heime, sjølv om norske kommunar på langt nær har vore så ivrige på privat drift som svenske. Men det første korona-prega budsjettåret vil bli …
Eirik Bø, dagleg leiar i Pelikanen Forlag, seier dei har «bare en og annen slenger som blir kjøpt inn i noen hundre eksemplarer og fordelt i de alle største butikkene. Det betyr at nesten alle våre bøker ender bortgjemt bakerst i butikkene. Slik kjedebokhandlene drives nå, er det egentlig bare det som ligger i bunker som er synlig».
Og veka før intervjua MB Cecilie Naper, som i ein komande artikkel oppsummerer «at oversatt underholdningslitteratur har vunnet betydelig terreng på bekostning av prisbelønnet og annen skjønnlitteratur i bokhandlene (og på bibliotekene) i takt med at den norske bokbransjen er blitt liberalisert de siste tyve årene. Bokhandlene blir friere, men utvalget deres av bøker krymper».
Så følgjer forsøk frå bransjefolk på å avdramatisere og bortforklare marknadsliberaliseringa med kjøpesentra og med politisk press («Det var ikke nødvendigvis forlagsbransjen … som ønsket en mer kommers bokavtale i 2014»), og «hva folk vil lese, må de selv bestemme». Før vi får halmstrået for breidde-lesinga: Innkjøpsordninga.
Same kva som skjer og ikkje skjer i forlag og bokhandel er biblioteka dødsviktige for variert lesing her i landet, så gjer slikt som i Dokk1 i Ålborg:
No følgjer så mange denne bloggen gjennom twitter eller nyheitsbrev. Sjå illustrasjonen av påmeldings-boksen for nyheitsbrevet, som du finn igjen nede til høgre. Velkomen 🙂
Amanda Lind, den svenske kultur-, demokrati- og idrettsministeren, har på Facebook annonsert «läspaketet», eit heilt batteri av statlege tiltak på lesefronten. Eit leseløft for barn, som er knytt til skolen, får i alt 130 millionar dei komande to åra, Statens kulturråds lesefremming for folk i alle aldrar får meir penger, og noko nytt er eit «läsfrämjandelyft för folkbibliotekarier». I tillegg vidarefører regjeringa programmet «Stärkta bibliotek», noko vi på bloggen sidan starten i 2017 har kalla (nesten-)bibliotekmilliarden, no med i alt 300 millionar dei komande tre åra. Dette er pengar som går til meir langsiktig styrking og utvikling. Og apropos to avisoppslag i Noreg denne veka: Dei svenske kronene går til utvikling av bibliotek i «glesbygden».
På Linnéuniversitetet er det bibliotekutdanning. Bloggaren var der i november og intervjua Joacim Hansson..
Vi forsøkte oss her om dagen med eit kompromiss i høve til bydelsutvalet i Oslo som ville fjerne «Linné-benken» i Botanisk hage. No var det Naturhistorisk museum som skulle avgjere dette, og dei vedtok ingen endringar, men er opne for å diskutere kva som skal stå på skiltet ved benken.
I går hadde Khrono eit godt og viktig intervju med professorane Torgeir Skorgen og Dag O. Hessen om Linné. Hessen seier blant anna: « … Linné [var] likevel ingen praktiserende rasist. — Han gjorde denne ene inndelingen av mennesker, men hans livsgjerning forøvrig handlet ikke om dette. Det finnes vitenskapsmenn som har hatt det som sitt viktigste mål, og dem bør det ikke settes opp minnesmerker for, … Hessen synes og det er interessant at Linné framhever samer som forbilder med eksemplarisk levesett. — Han hadde ikke spesielt negative tanker om urbefolkninger».
I Klassekampen i dag kan vi lese om prosjektet «Kvinner på sokkel» i Bergen. Målet er at kommunen skal «auka talet på gater og plassar som er kalla opp etter kvinner». Raudt-representant Sofie Marhaug hadde først foreslått å oppkalle plassen ved biblioteket etter Torborg Nedreaas, men bystyret vurderer i staden ei statue av forfattaren på plassen. Men så kom Marhaug med eit nytt forslag: Valborg Platous plass. Vi les: «Ho var født i 1839 og døydde i 1928. I kamp med tretten menn fekk ho i 1882 jobben som sjef for biblioteket i Bergen og blei då landets fyrste kvinnelege biblioteksjef. Platou var sjef ved institusjonen i 27 år, og gjennom desse åra vaks samlinga frå 30.000 til 100.000 bind».
På bloggen har vi faktisk vore innom henne tidlegare.
Men i desse dagar skal jo alle med hovudet på sokkel eller namnet på gateskilt og plassar gjennom nærmast inkvisitoriske godkjenningsprosedyrar. Av Valborg Platou har vi ikkje funne noko rasistisk i det offentlege, men, Raudt-representant, som mangeårig teatermeldar i ulike bergensaviser var ho rett og slett reaksjonær! Også i si samtid. Sjå fleire døme i Knut Nygaards bok «Gunnar Heiberg : teatermannen». Utan at vi på nokon måte er imot forslaget. Vi er trass alt i familie med dama. Inngifta og tolv ledd unna.
Frå Finnøy til Sølvberget i Stavanger er det 42 km med bil. @Kartverket
Framtida til dei små biblioteka har for tida ein viss appell i media. Måndag hadde Maria Almli, biblioteksjef i Steigen, eit forslag i Nationen: «Norge trenger en nærbibliotekreform», og i dag handlar hovudoppslaget på Klassekampens kultursider om den foreslåtte nedlegginga av to tidlegare hovudbibliotek i kommunar som ved nyttår blei samanslåtte med Stavanger.
«– Vi ble lovet at bibliotekene på Rennesøy og Finnøy skulle fredes, men slik ble det ikke. Ved første budsjett kom det forslag om å kutte en halv stilling og flytte biblioteket ut av Vikevåg sentrum – og til det gamle kommunehuset, som er vedtatt revet», seier Bjørg Kristin Helleland Bø, som «gikk … fra å være biblioteksjef på Rennesøy til å bli en rådgiver/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger».
Avisa intervjuar også NBF-leiar Vidar Lund og Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket. Begge er merksame på problemet, men håpar dette ikkje blir ein trend, i alle fall ikkje som i Danmark, der kommunereformen i 2007 førte til nedlegging av 131 bibliotek, rett nok mange av dei «små og mindre bærekraftige filialer».
Kvar tysdag minnar vi om at vi på denne bloggen legg kategoriar til artiklane. Slik kan bloggen fungere som eit oppslagsverk i det små. Denne veka ser vi på «falske nyheiter». Her er det per i dag 36 artiklar. Den utvalde artikkelen er «Falske fakta-fella» frå november i fjor, der vi siterte den danske forskaren Johan Farkas som meiner heile tankegangen er feil.