Archive for september 8th, 2020

september 8, 2020

Bibliotekarkitektar etter koronaen: – Dette kan skje igjen

Studiebåsane kan få ein renessanse. Fotoutsnitt. SimonP (CC BY-SA 3.0)

I tidsskriftet American Libraries 1. september kunne vi lese om korleis US-amerikanske arkitektar og bibliotekleiarar tenkjer nytt om innreiing av bibliotek etter koronaen. Blant anna biblioteket i Santa Cruz, som stod klar for renovering av elleve biblioteklokale då koronaen slog til, tar ikkje sjansen på at det aldri vil skje igjen.

Dei og andre bibliotek har fått auga opp for nye behov, til dømes for færre faste veggar for auka fleksibilitet, møblering slik at folk blir minna om fysisk avstand, betre ventilasjonssystem og ikkje-porøse overflatar som er enklare å halde reine. Flyttbare skjermar kan bli ein best-seljar. Og når det gjeld toalett vurderer dei kjønnsnøytralitet eller om nye typar rom for private behov bør få prioritet. Spesialrom og utstyr for tre-fire dagars karantene for utlånsmateriale inngår i dette. I tillegg vil langt meir omfattande digitalisering av samlingane bli eit tema, noko som vil påvirke behovet for reolar.

Blant dei enklare tiltaka er å plassere desinfeksjonsmiddel over alt der folk bruker hendene, men då må det også over alt vere informasjonnsskilt og innkast for eingongsklutar osv.

Tryggleik er viktig, men lokala må samtidig vere innbydande og komfortable. Og kule; unge designarar bør bli engasjerte for slik «bibliotekfornying».

Takk til Peterals.

september 8, 2020

Årets eufemisme: «Det blir en utmaning»

Sölvesborg: SD-dominans og mindre vakker slottsruin. Foto-utsnitt: S. Rosbom (CC-BY SA-2.5)

Ifølgje svenske Biblioteksbladet 25. august har Sölvesborg sør i Sverige fått ny biblioteksjef. Det er vel ikkje vanleg å intervjue ny-sjefen i ein kommune med åtte tusen innbyggjarar, men Sölvesborg blei i fjor herostratisk berømt for at biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk. Saka er at Sverigedemokraterna (SD) er det største partiet og har makta saman med andre borgarlege.

Men den nye biblioteksjefen er optimist: «Det behövs tid och lugn och ro. Med en struktur löser man detta. Man håller ut, det måste få ta tid».

BiS ved Tobias Willstedt har derimot vore tydeleg kritisk «Angående händelserna i Sölvesborg». Der han også viser til ein master frå bibliotekshögskolan i Borås om bibliotekpolitikken til franske Nasjonal front på 1990-talet, men som vi ikkje fekk opna no på grunn av stor datatrafikk.

Så kan ein spørje seg kor sterkt norske biblioteksjefar står når det kjem til jussen? Vi vil i alle fall tru at ministeren si utdjuping av tillegget i §1 i 2013 ikkje har svekka det vi her på bloggen kallar «det uavhengige biblioteket».