Archive for september 14th, 2020

september 14, 2020

For wikipedarianarar

Når underteikna blir skikkeleg utbrend, eller i alle fall når andre seier dei vil overta stafettpinnen på eit eller anna vis, er wikipediaranisme ein opsjon. Då inngår sånt som dette i pensum: «Libraries think they are notable: Using WorldCat holdings data to fill gaps in Wikipedia».

september 14, 2020

REALM – når biblioteka skal bli «normale» igjen

Lesarar av denne bloggen har vore borti REALM før, då vi blant anna skreiv om at «Seks dagar bok-karantene ikkje [er] nok under trange = normale tilhøve». Og det er meir slik forsking på gang.

Forbokstavordet står for «Reopening Archives, Libraries, and Museums», og initiativet er tatt av bibliotekkonsortiet OCLC, IMLS (eit slags føderalt US-svar på vårt salige ABM-U) og eit privat, men non-profit forskingssenter. Altså USA-basert, men truleg fremst i verda på dette. Vi plussar lenka på under Bloggrull nedanfor.

september 14, 2020

Om korona-skandalen og -framtida, The Lancet ditto, nyliberalismen osv.

Richard Horton. Fotoutsnitt: Bluerasbaby (CC BY-SA 3.0)

Khrono.no intervjuar i dag Richard Horton, halvt norsk og æresprofessor ved UiO og æresdoktor ved UiT, men mest kjend som sjefredaktør av det kjente medisinske tidsskriftet The Lancet. Han snakkar blant anna om «gapet mellom det de publiserte av forskning rundt det nye koronaviruset og mangelen på handling … Markedet er en kraftfull og positiv kraft for tildeling av knappe ressurser, men covid-19 har vist oss viktigheten av staten. Det er statene som har holdt samfunnene våre intakt, det er de som har sørget for å beskytte jobber, støtte helsevesenet, holde skolene i gang, sikre at det ble distribuert mat, uten statene ville ikke noe av dette ha skjedd». Og vidare: «Jeg tror dessverre ikke politikerne våre fullt ut forstår omfanget av endringene i samfunnene våre. … Vi lever i en annen æra nå, det er annerledes enn tidlig i januar, det er en annen verden».

Sjå elles om Lancet-skandalen. Og blogginnlegga i katgorien ‘Korona og biblioteka’.

september 14, 2020

Dårleg teikn

«Droppet kommunene i landsmøtetalen» står det om Erna og Høgre-landsmøtet på Kommunal Rapport. Som ikkje-abonnent får vi ikkje lese stort meir, men når ho droppa det, er det vel ikkje så mykje meir vi treng å vite …

Translate »