På Mac sin nettlesar Safari oppdaga vi no eit tillegg for Wayback Machine, nettstaden som tar kopiar av alt muleg nettinnhald med ujamne mellomrom. Og legg det ut. Med tillegget (på utanlandsk: extension) ser du av eit ikon i verktøylinja om det finst kopiar av den konkrete sida, og du klikkar fram ein dialogboks der du enkelt kan sjå alle kopiane. Sjå illustrasjonen av søk på Norsk Bibliotekforening. Hos slike som dei, som nyleg har forenkla nettsidene sine kraftig, vil dette hjelpemiddelet vere spesielt nyttig. PS: NBF seier dei også har noko spennande på gang, vent og sjå.
Frå dialogboksen kan du også med eit museklikk hjelpe Wayback Machine med å laste ned URL-ar dei ikkje har frå før. Om ikkje eigaren har stengt for slik nedlasting, som til arkivet til e-postlista Biblioteknorge som Nasjonalbiblioteket har sletta verkeleg grundig. Test til dømes denne lenka til eit innlegg i listearkivet, bygt opp gjennom tjue år: https://www.nb.no/cgi-bin/wa?A2=ind2004&L=BIBLIOTEKNORGE&T=0&O=D&P=6255
På digi.no har Frode Burdal Klevstul ei god oppsummering av kor framifrå vi er i Noreg når det gjeld å gje f.. i personvernet. Både institusjonar i høve til publikum og som privatpersonar.
DIK, det svenske forbundet for blant anna bibliotekarer, har også koronatips på heimesidene. Eitt av «6 tips för tryggare bibliotek» handlar om å flytte biblioteket til større lokale, der det er tryggare for både brukarar og tilsette å utføre vanlege bibliotekgjeremål.
Når no varehandelen sliter, etter korona-konkursar og auka netthandel, vil det vere rimelege og opne, fleksible lokale for kommunen å leige. Sentralt i tettstaden eller byen.
No på morgonen skjedde det, at trass i utestenging frå Facebook og avbrotet på Biblioteknorge passerte herverande blogg årsrekorden frå i fjor for nedlastingar. Og vi er berre midt i september. 45 525 er resultatet akkurat no. Orsak, 45 531 etter å ha skrive dette. Og med to nye følgjarar i løpet av dagen, på twitter eller e-post (sjå innmelding nede til høgre), kjem vi opp i 900.