
Framtida til dei små biblioteka har for tida ein viss appell i media. Måndag hadde Maria Almli, biblioteksjef i Steigen, eit forslag i Nationen: «Norge trenger en nærbibliotekreform», og i dag handlar hovudoppslaget på Klassekampens kultursider om den foreslåtte nedlegginga av to tidlegare hovudbibliotek i kommunar som ved nyttår blei samanslåtte med Stavanger.
«– Vi ble lovet at bibliotekene på Rennesøy og Finnøy skulle fredes, men slik ble det ikke. Ved første budsjett kom det forslag om å kutte en halv stilling og flytte biblioteket ut av Vikevåg sentrum – og til det gamle kommunehuset, som er vedtatt revet», seier Bjørg Kristin Helleland Bø, som «gikk … fra å være biblioteksjef på Rennesøy til å bli en rådgiver/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger».
Avisa intervjuar også NBF-leiar Vidar Lund og Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket. Begge er merksame på problemet, men håpar dette ikkje blir ein trend, i alle fall ikkje som i Danmark, der kommunereformen i 2007 førte til nedlegging av 131 bibliotek, rett nok mange av dei «små og mindre bærekraftige filialer».
Tinnesand er ikkje uroleg for nedleggingar: