Archive for oktober 7th, 2020

oktober 7, 2020

Frå formidlingsfronten

Fleire såg sikkert nyleg at Frode Bakken ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) var på Biblioteknorge-lista (ja, ho lever!) med lenke til programmet til «Lørdagsbiblioteket». Då snakkar vi om samarbeid mellom USN og åtte folkebibliotek i regionen, der USN låner ut forskarar som held populærvitskapelege føredrag. No har også Khrono.no vore på saka.

Og litt lenger sør i lendet, i Risør, har dei ifølgje iRisør.no måtta innta den store kinosalen for å kunne gjennomføre konseptet «Boka jeg vil dele». Dette er inspirert av tv-programmet «Brenners Bokhylle».

oktober 7, 2020

Solberg straffar dei «ulønsame»

Etter dette vil mange samanslåtte kommunar gå frå lovnader om å bevare alle biblioteka (her Stavanger).

Det kommersielle kulturlivet har fått ein del statsstøtte for å overleve, men ikkje biblioteka, for dei har jo ikkje hatt inntekter å tape under Koronaen. Heilt i starten etter lukkinga var kulturministeren raus, trudde vi, men som NBF-leiar Vidar Lund skriv på Facebook i dag var støtta til e-bøker berre ei omdisponering av NB sine prosjektmidlar (og ikkje kompenserte dei for meir enn éin månads normalt utlån heller). 

Og for 2021 er desse prosjektmidlane uendra, om vi ikkje fram til budsjettvedtaket får på beina tidanes bibliotek-opprør, som i Finland på 1990-talet.

Vi må i alle fall krevje at Nasjonalbiblioteket lyttar til grasrota og bruker pengane klokast muleg utfrå at folkebiblioteka står framfor ein heilt ny type omstilling. Frå norske og internasjonale nettstader samla vi nyleg 19 korona-relaterte utfordringar dei kan tyggje litt på. Ein kan også spørje seg om NB «må ha» endå eitt fjellmagasin til 120 millionar no?

Men regjeringa Solberg er ikkje veldig fortvila over dette, for med FrP på slep har dei lenge ønska å jekke ned den offentlege velferden. Og det var faktisk inga fascistisk britisk regjering som gjennom 26% kutt til kommunane blant anna «oppnådde» at 4 av 10 stillingar for barnebibliotekarar blei vekk og opningtidene blei reduserte med 11 prosent.

oktober 7, 2020

Stillingsprosentspøkelset

Normale opningstider i Steigen (Wayback Machine 2019). Under Korona berre onsdag frå 13 til 17

Nynorsk pressekontor (NPK) har fanga opp biblioteksjef Maria Almli i Steigen sitt forslag i Nationen 21. september om ein nærbibliotekreform. I eit intervju som til no står bak betalingsmurane i tre lokalaviser, men ope i LNK-Nytt (Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) si nettavis), utdjupar ho noko av dette:

«Når vi veit at utdanningsnivået til foreldra på bygdene er lågare enn i byane, må vi satsa desto meir på biblioteka for å jamna ut forskjellane, elles vil skilnadene berre bli forsterka. Biblioteka er ein viktig plass for å visa at kunnskap er viktig og kult».

Om ressursane seier ho: «Eg trudde biblioteka hadde eit romsleg rom til å gje folk ei lik teneste i landet overalt. Men eg oppdaga ganske fort at slik var det faktisk ikkje. Veldig mykje er kanalisert gjennom utlysing og pottar som du må søkja på. Men for å få tak i desse midlane, må du ha ein viss stillingsprosent slik at du har tid til å søkja på dei … Biblioteksjefen fekk seg også ei overrasking då ho nyleg tenkte å søkja på midlar Nasjonalbiblioteket i desse dagar lyser ut til formidling for biblioteka. – Der kan ein søkja i tre ulike kategoriar, ein kategori for folkebibliotek, ein for storbybibliotek og ein for fylkesbibliotek. Eg tenkte at her er det moglegheiter, men då eg finlas utlysinga, oppdaga eg at ein også i potten for folkebibliotek vil prioritera folketette kommunar. Då fell jo dei minste kommunane ut».

oktober 7, 2020

Ikkjeeksisterande landsomfattande institusjon

Fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebrigtsen valde altså å presentere 2021-budsjettet i Stormen bibliotek i Bodø. Elles har dette svært liten relevans til biblioteka her i landet (sjølv om det kunne ha hatt det for tretti år sidan). Men Nordland, nærmare bestemt NB si avdeling i Rana, står for det mest synlege om bibliotek i budsjettet til Kulturdepartementet. Dei får 120 millionar til endå eitt sikringsmagasin.

Elles er vi mest imponert over at regjeringa si oversikt «Statsbudsjettet fra A til Å» framleis manglar temaet «bibliotek».

oktober 7, 2020

Viktig bibliotekblogg

Det finst mange bibliotekbloggar som handlar om pushing av bøker og forfattarar, men ikkje lenger så mange som bryr seg med dei større spørsmåla, om bibliotekpolitikk med eit anna ord. Men Migrasjonsbibliotek-bloggen er ein slik. Dette er biblioteket til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) i Oslo og definerer seg som «et spesialbibliotek som har litteratur innen feltet migrasjon». 

Men i praksis, i alle fall på bloggen, breier dei seg godt inn på tilgrensande felt. Sjå illustrasjonen av ordskya deira. Du finn skye i høgre kolonne på bloggen.

oktober 7, 2020

Det uavhengige biblioteket

Dette er éin av mange kategoriar eller emneord knytt til innlegg i denne bloggen. «Det uavhengige biblioteket» er ein av «ur-kategoriane», for bloggen starta for å spreie ideen om ein eigen type digital bibliotekteneste med namn identisk med bloggen. Oppstarten var i 2006, og 11 år seinare hadde ideen spreidd seg og blitt tema på eit seminar i Chicago.

Translate »