Då vi skreiv dette for to år sidan trudde vi det ikkje kunne bli verre, men det er det blitt. Det er blitt umuleg å skilje parodien frå røynda. Vi snakkar sjølvsagt om USA og presidenten deira, The Donald.
Og boka vi skreiv om blir meir og meir aktuell, trass i at ho er 85 år gamal: «Det kan aldri hende her».
Denne tysdagen er «Bibliotekhistorie» vekas «tag» på bloggen. Per i dag er det 38 blogginnlegg i denne kategorien. Kvar veke vel vi eitt innlegg som skal representere kategorien, og det blir eit små-ironisk og bittert innlegg frå 2018 om eitt historieverk som framleis er på vent.