Ein stad går likevel grensa. Klassekampen sept 2018.
I forsvaret av kunnskapsbiblioteket har vi her på bloggen vore med på å reise tvil om såkalla x-utlån frå folkebibliotek, alt frå kakeformar via fiskestenger til el-syklar.
Men i svenske Karlstad opererer dei i alle fall med «hållbarhet» som kritierium når dei skal ut på denne galeien.
I USA arrangerer bibliotekforeininga ALA «Banned Book Week» kvart år på denne tida. Altså ein kampanje der dei gjer omverda klar over sensur og forsøk på sensur av det bibliotek har i samlingane sine. I desse tider kan vi ikkje unngå å bli minna om skilnader mellom USA og Noreg og Norden, for ikkje å seie det meste av Europa, men her er altså endå eit felt med store kontrastar. Men slik har det ikkje alltid vore.
Først USA: I år har ALA i kampanjeveka si oppsummert dei hundre mest «fordømte» bøkene i ti-året som gjekk. Dei tre viktigaste grunnane til fjerning eller forsøk på fjerning var:
the material was considered to be “sexually explicit”
the material contained “offensive language”
the materials was “unsuited to any age group”
Dei fleste titlane er lite kjende her i landet, men blant anna ser vi kjende, aktuelle titlar av Toni Morrison og Khaled Hosseini høgt oppe. Vi finn også Harper Lee. Romanen hennar «Drep ikke en sangfugl» kom i 1960 og blei heilt sentral i kampen mot rasefordomar, noko mange ikkje likte. Men i dag har n-ordet, sjølv om ho legg det i rasistanes munnar, også skapt fordøming frå den motsette kanten. Noko liknande gjeld vel John Steinbecks «Om mus og menn».
Men lat oss sjå nærmare på 26. plassen: «Vidunderlige nye verden» av Aldous Huxley. Denne framtidsromanen har faktisk vore forbode her i landet også! Dette er ei sak med fleire interessante sider: