Archive for november 10th, 2020

november 10, 2020

Musikalske forviklingar

Vi blogga for 11 år sidan om svømmebassenget til Arne Bendiksen på NB Rana. Så kan dei vel ta Dørumsgaard også?

NRK Rogaland hadde ei sak i går: «Strid om gigantisk musikksamling kan havne i retten». Det er snakk om stiftinga Norsk Lydinstitutt, ei av verdas største samlingar av klassisk musikk: «80.000 plateinnspillinger, 10.000 spolebånd, 5000 kassetter og 3000 musikkbøker», som Stavanger kommune i 1984 overtok etter Arne Dørumsgaard. Pluss mykje anna som har kome til seinare. Men no vil kommunen fri seg frå avtalen, noko som får stiftinga og arvingane til å snakke om saksøking.

Delar av lydopptaka har stor forskingsverdi og er unike, i form av spolebandopptak frå blant anna italienske kringkastarar som forlengst er nedlagde.

Nasjonalbiblioteket er berre nemnt i ein bilettekst, men der heiter det at dei nyleg har «tilbudt seg å digitalisere alt norsk materiale i lydbåndsamlingen, som består av 15.000 opptak, men først har instituttet en stor jobb med å sortere det som skal til Mo i Rana». I Ballade no i oktober kan vi lese meir om dette.

november 10, 2020

BF tar opp kjernespørsmål på landsmøtet

Mykje på plakaten på Trondheim folkebibliotek i oktober i fjor

Nyleg skrøyt vi av BF-styret sitt forslag til politisk fråsegn om «bibliotekets rolle i krisetider». I ei anna fråsegn til landsmøtet ser dei på «bibliotek og ytringsfrihet». Innleiingsvis heiter det at «Både biblioteksjefenes uavhengighet og tillitsvalgtes mulighet for medvirkning bør tillegges særlig vekt i kontroversielle saker». Dei ser altså på både den no seks år «unge» tlføyinga til §1 i Biblioteklova. §100 i Grunnlova og på Arbeidsmiljølova. Ikkje minst det siste har vore lite framme i den opne debatten.

Dei har også eit krav til regjeringa om å «fullfinansiere Helsebiblioteket.no over statsbudsjettet». I tillegg til å argumentere sterkt for dette, er saka prinsippielt viktig. Fleire område kunne med fordel hatt elektroniske bibliotekbaserte tenester av denne typen: «Bibliotekarforbundet mener at lisenser som gir lik tilgang til elektroniske ressurser og kunnskapskilder, er et nasjonalt fellesgode. Å forhandle lisenser på nasjonalt nivå medfører vesentlig mindre byråkrati enn å fremforhandle slike lisenser lokalt, og Helsebiblioteket.no er derfor ressursbesparende både for helseforetakene og for andre virksomheter». 

november 10, 2020

Det uavhengige biblioteket

Tenk over denne tittelen. Er folkebiblioteket faktisk avhengig av noko eller nokon? Kva i all verda skal biblioteket trenge å lausrive seg frå?

Så kan du lese eitt eller fleire av dei 89 blogginnlegga vi har knytt denne kategorien til. For dette innlegget tilhøyrer den faste spalta kvar tysdag der vi forsøker å presentere bloggen som eit oppslagsverk! Vi pleier også å la vekas kategori bli representert ved eit utvalt innlegg. Det blir eit innlegg frå 2016 der vi, saman med blant anna Mariann Schjeide, R. David Lankes, Joseph Good og Mikael Böök, stilte det (leiande) spørsmålet (og svarte): «Det nøytrale biblioteket? Ja – og nei!».

Translate »