Agnes Ravatn har altså meldt bokbransjen på #metoo-bølgja, noko som tidlegare i dag fekk oss til å blogge småfornærma om dei oversette bibliotekarane. Men så dukka det opp ei meir seriøs vinkling: Schlesinger Library, eit bibliotek på Harvard med fokus på kvinners liv og historie, lanserte i sommar #metoo Digital Media Collection, som inneheld «more than 32 million tweets, 1,100 webpages, and thousands of articles reflecting a range of perspectives». Sjå ein lengre artikkel i Harvard Gazette med døme på twittermeldingar som no vil bli hugsa endå lengre. Men sjølvsagt seier sjefen for digi-avdelinga: «That doesn’t mean that we are pro #MeToo or against #MeToo, it just means that we document it».
Når dét er nemnt, passar det å finne igjen Klassekampen frå måndag denne veka, der hovudsaka på kultursidene var eit prosjekt for innsamling av plakatar frå norske #BlackLivesMatter-markeringar: …