Den danske virtuelle tenesta Biblioteksvagten innbyr til ein minst like virtuell konferanse 8. desember med tema: «Tilbage på sporet – informationssøgning og referencearbejde som kerneopgave i den digitale tidsalder». Ser vi på programmet og detaljane, ser vi det er gratis og også ope for «andre interesserede». Det bør vel kunne omfatte norske bibliotekarar også?
Og så til kjepphesten: Vi må få Biblioteksvar på beina igjen her i landet.
I Oslo har kommuneleiinga stengt ned nestan alt, unntatt biblioteka. Det er lett å sjå at biblioteka slik kan få eit langsiktig løft på denne måten, dei får ein sjanse til å vise seg fram for endå fleire. Men i dag protesterer tilsette, her ved Fagforbundets lokallag, og verneombod i eit stort oppslag i Klassekampen: «Det rekker ikke å lage en plan for smittevern, man må også sjekke hvordan planen faktisk fungerer i virkeligheten. Og nå fungerer den ikke godt nok», seier verneombodet.
Skilnadene er store i landet no, men i tillegg til Oslo og andre storbyar kjem det no mange spreidde utbrot. Og tysdag viste det seg at også tilsette og publikum ved bibliotek kan vere smittespreiiarar.