Archive for november 21st, 2020

november 21, 2020

Digitalisering på UH-ane

Klikk og kikk

Også bibliotekspørsmål blir det skrive lesarinnlegg om på Khrono.no, men sjeldan kjem det til debatt. Tysdag delte vi her på bloggen eit offensivt Khrono-innlegg av Emma Sjøenden Vestli om digitalisering, og etter kvart har det kome kommentarar som også hos ein amatør som underteikna styrker inntrykket av at dette er verkeleg viktig. Siste debattant, Pål Magnus Lykkja, skriv blant anna at «modellen Bokskapet kommer til å bli en nasjonal løsning innen veldig kort tid fordi jeg tror de fleste som setter seg inn i denne modellen skjønner at dette vil fungere både nasjonalt og internasjonalt». 

november 21, 2020

Virtuelle arrangement: Ny lov med ny opning?

Nesodden bibliotek på FB

Ikkje har vi særleg kompetanse på opphavsrett og ikkje orkar vi lese heile den nye «Prop. 53 L (2020–2021) Lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv.». Men derfor legg vi dette ut med etterlysing av kommentarar og eventulle dementiar frå folk med betre kunnskap, blant anna også forfattarar og Forfattersentrum med fleire:

Vi hadde i koronabølgje nr. 1 diskusjonar om bibliotek sin rett og mulegheit til å gjennomføre virtuelle arrangement, til dømes eventyrstunder, med eller utan løyve frå opphavspersonar. No kjem det ei ny lov, basert på eit nytt EU-direktiv, der vi tolkar denne paragrafen som ei muleg opning for blant anna bibliotek (og vi kan lese her at blant anna Nasjonalbiblioteket har støtta dette):

§ 6 Rettighetshaverens rett til selv å gi tillatelse til bruk: «Selv om det er inngått forvaltningsavtale etter § 5, har rettighetshaveren rett til å gi tillatelse til ikke-ervervsmessig bruk av rettigheter, kategorier av rettigheter eller typer verk og andre vernede arbeider». 

Og så følgjer det: «Kollektive forvaltningsorganisasjoner kan i forvaltningsavtalen stille krav om at rettighetshaveren må informere organisasjonen om ikke-ervervsmessige tillatelser etter første ledd».

Så kor viktig kan dette bli? Kommentarfeltet er til for å brukast. Velkomne.