
Ifølgje Klassekampen fredag har regjeringa «godtatt å selge statens Entra-aksjer. Nå kniver de svenske eiendomsgigantene SBB og Castellum om kontroll over selskapet». Eitt av bygga til Entra (utskilt frå Statsbygg i 2000) er Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Og dette vil no «ofres på markedsliberalismens alter, tordner SVs næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes».
Heilt einig med sistnemnde. Det sterkt tvilsame er jo at private skal gjere seg rike på husleiga vi alle betaler gjennom skatten. Men under Entra har dette alt vore børsnotert og big bissniss i fleire år. Og salet gjeld ikkje innhaldet og drifta. Og i tillegg har staten sikra seg gjenkjøpsrett. Så den heilt store skandaleoverskrifta blir det ikkje på ein bibliotekpolitisk blogg som denne.
Men på bloggen driver vi også med bibliotekhistorie, og vi blei nysgjerrige på korleis det var førre gong det norske nasjonalbiblioteket var «svensk»? Var det også ein nasjonalbibliotek-union som blei oppløyst i 1905?: