Archive for desember 11th, 2020

desember 11, 2020

Ein av dei barske

Trond Minken har her mottatt prisen Årets bibliotek 2011 på vegner av Buskerud fylkesbibliotek

Norsk Bibliotekforening ved Vidar Kvalshaug har i «innstikket» i Bok og Bibliotek nr. 5 gjort eit intervju med Trond Minken når han no pensjonerer seg. Lillehamringen som blei drammenser oppsummerer blant anna at «en av sorgene jeg har, er at jeg ikke har fått bearbeidet mer tankegods. Det har gått i hyrten og styrten, multi-tasking. Mye har bare duppet på overflaten». Men no får du tid til tenking og kanskje skriving, Trond?

På spørsmål vedgår han at han «aldri har vært redd for autoriteter». Mange av oss kan stadfeste dette. Så figurerer han også på heiderslista her på bloggen over Barske Bibliotekarar. I staden for å lenke direkte til der vi skriv om Trond sin kanskje barskaste prestasjon, rår vi dykk til å lese om alle dei 16.

desember 11, 2020

Berekraftige bibliotek

Bibliotekarforbundet melder i dag at dei har levert innspel til regjeringa sin nye, nasjonale handlingsplan for bærekraftmåla. Dei skriv at dei legg vekt på «bibliotekarers fagprofesjon, og at å systematisere, vurdere og formidle informasjon er et viktig bidrag til å oppnå målene. … Dette er en kompetanse som vil være spesielt viktig i arbeidet med bærekraftsmålene. Her holder det ikke å fokusere på utdanningsløpet, vi må sikre at hele befolkningen har tilgang til god og kunnskapsbasert informasjon».

Ein gong i tida, på 1990-talet, var det ein tendens til å opprette såkalla kompetansebibliotek, med varm støtte frå dåverande Statens bibliotektilsyn. Eitt av desse var Miljøbiblioteket på Steinkjer (Wayback-kopi frå 1998). Det var kanskje for tidleg eller for mykje å gape over eller også for dårleg marknadsført. ABM-utvikling la i alle fall heile konseptet i grava i utgreiinga «Bibliotekreform 2014» i 2006.

desember 11, 2020

Bibliotek versus velodromar og tennishallar

Vi måtte låne foto av ein velodrom frå Store norske. Foto: Peter Mettler (CC BY SA 3.0)

Vi spådde i går, då vi tok for oss Nasjonalbiblioteket sine bastante signal om at «nu går alt så meget bedre» for norske folkebibliotek, at Svein Arne Tinnesand sin optimistiske artikkel i Bok og Bibliotek ville resultere i fleire motinnlegg. Og i dag er NBF-leiar Vidar Lund på banen med konklusjonen at «Jo, folkebiblioteka får mindre pengar».

Og han supplerer Georg Arnestad på eitt viktig punkt: «Utfordringa er at SSB og kommunane framleis held seg til det utvida – eller utvatna – kulturomgrepet frå 70-talet. Det er liten tvil om at idretten har styrkt seg, mykje på grunn av den enorme stimuleringa som skjer gjennom spelemidlane til idrettsanlegg. Av di fordelinga av spelemidlane er så utruleg skeiv som ho er, blir det økonomisk lettare for kommunane å investere i velodromar og tennishallar med 1/3 dekning frå spelemidlane. Medan kommunen i røynda må ta heile investeringskostnaden om det trengst eit nytt bibliotek eller anna kulturlokale. Dette påverkar òg sjølvsagt driftskostnaden, ved at kommunen må betale mykje meir i renter og avdrag ved å byggje eit bibliotek til 50 millionar kr enn eit idrettsbygg til 50 millionar kr».

Les også slutten på innlegget, om kommune- og bibliotekøkonomien i 2021. Og gå heim og sprett ei flaske raudt eller to.

desember 11, 2020

Éin ape, to syn

Dei tydelegaste spora etter husdyr hos underteikna er etter ein bok-elskande undulat

Trur kanskje vi har vore innom dette nummeret (1/2020) av Barnelitterært forskningstidsskrift før, men landar no på ein artikkel om ape-biografiar. Og éitt individ, ein sørlending på J, som alle kjenner, har fått fire – 4 – bøker skrivne om seg. Men dei er faktisk ganske ulike. Inger-Kristin Larsen Vie har lese to av dei spesielt grundig i artikkelen «Biografier om dyr: Ideologiske perspektiver på dyr og forholdet mellom dyr og mennesker i to biografier om sjimpansen Julius». Interessant.

desember 11, 2020

«Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?»

Nylenna tar imot prisen for Årets bibliotek for 2012

I Aftenposten i går fann vi eit kort, men fyndig lesarinnlegg om ei biblioteksak, og med foto av helseministeren, noko som ikkje skjer kvar dag. Forfattar er Magne Nylenna, professor dr.med., og tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.no frå 2005 til 2017. Og det er dette biblioteket han skriv om, om korleis regjeringa no vil vengjeklippe tenesta endå meir: «Vi har allerede mistet tilgangen til The Lancet. Nå forsvinner BMJ, JAMA (Journal of the American Medical Association) og andre av verdens beste, medisinske tidsskrifter». Denne modellen med sentral opphandling av lisensar for alle dei registrerte brukarane, helsearbeidarar i heile landet, er ein modell der Helsebiblioteket har vore ein pioner, og som mange har snakka om å overføre til fleire felt.

Dette er altså ikkje eit vanleg bibliotek, men fekk likevel NBF-prisen Årets bibliotek i 2012. Les talen på regjeringa.no som dåverande statssekretær Ragnhild Mathisen heldt ved overrekkinga.

Translate »