Archive for desember 17th, 2020

desember 17, 2020

Framleis 14 prosent )-:

I førre veke refererte vi til Nasjonalbiblioteket sitt hårete mål om i overskueleg framtid å rekruttere også dei 49 prosentane som i dag ikkje er bibliotekbrukarar. Digitalisering av praktisk talt alt av norske åndsverk skal bidra sterkt til dette. Då er det grunn til å merke seg ei undersøking frå direktoratet Kompetanse Norge som viser at framleis er «Litt over 600 000 personer, eller 14 prosent av nordmenn fra 16 år og oppover, … ikke-digitale. – To grupper peker seg ut, eldre og folk med lavere utdanning. 80 prosent er 60 år eller eldre og andelen øker med alderen, og når det gjelder utdanning så har 75 prosent videregående eller lavere som høyeste fullførte utdanningsnivå».

«Den «ikke-digitale» befolkningen er her definert som personer som ikke bruker datamaskin, nettbrett, smarttelefon eller internett, og i tillegg personer med svake grunnleggende digitale ferdigheter».

«Det trengs aktiv rekruttering … Både Nav, bedrifter, biblioteker, voksenopplæringen og frivilligheten kan spille viktige roller her, og gjør det allerede. Samarbeid på tvers i offentlig sektor er viktig, etater med samme brukergrupper bør samarbeide for å lage brukervennlige og enkle brukerreiser» (vår utheving).

desember 17, 2020

Feil folk

Trine Skei Grande har vi «hatt eit forhold til» sidan eit stort bibliotekpolitisk møte i foredragssalen på gamle Deichman på tidleg nittital, må det ha vore. Sjeldan såg vi nokon som «tok salen med storm» som henne. Hugser ikkje kva temaet var (sikkert om nye lokale til hovudbiblioteket, som alt då var «like rundt hjørnet»), men TSG viste seg som bibliotekforsvarar av klasse.

Men så steig ho i gradane, og via ein offensiv lansering av «bibliotekmilliarden» i 2013, gjekk det jamnt nedover, sjå ein bibliotekhistorikk for Venstre i fire punkt som vi skreiv i 2018. I 2019 var ho rett nok offensiv med lovnad om «en snarlig utlånsordning for e-lydbøker», men utan resultat. Same år nådde ho botnen med eit gneistrande forsvar for det motsette av ein øyremerka bibliotekmilliard.

Så kom sjølvbiografien hennar i haust. Det var ikkje venteliste verken i Bookbites eller Allbok. Men ho nemner ikkje noko av dette ovanfor, faktisk nemner ho ikkje bibliotek i det heile tatt. På leit etter interessant nytt om kulturpolitikken frå tida hennar, blir vi også skuffa. Men vi kan like godt gje ordet til Ane Farsethås i Morgenbladet 27. november under tittelen «Selvportrett med fartshumper»: «Grande innleder kapittelet om epoken som kulturminister med en populistisk karikatur av feltet hun har hatt ansvar for som «det mest konservative i norsk politikk». Og vidare: «Mange av dem som jobber med kunst og kultur er imot enhver endring og ser alt som er nytt som en trussel».

Her om dagen blogga vi om ein annan kulturtopp som meiner at «De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna». Etter arbeidaroppstanden i Berlin i 1953 skreiv Berthold Brecht ironisk om DDR-leiinga at dei burde «oppløyse folket og velje seg eit nytt». Diktet heiter «Løysinga». Så blir det for ille …

Translate »