Archive for desember 29th, 2020

desember 29, 2020

«- Venstres hus? – Ja, hahaha»

Venstres hus?

Tittelen har vi lånt frå eit juleintervju NTB har gjort med kunnskapsminister og Venstreleiar Guri Melby, blant anna publisert i dag i Nettavisen. Melby valde sjølv Nye Deichman i Oslo som åstad for intervjuet, for «Det sømmer seg for en kunnskapsminister å være omgitt av bøker. – Dessuten er biblioteket det viktigste lavterskeltilbudet vi har innen kultur».

Sjølvsagt. Men det er når journalisten så spør henne om «Det kunne egentlig hett Venstres hus?» at denne latteren kjem. I mangel av lyd og levande bilete frå denne seansen skal vi ikkje seie skråsikkert at latteren hennar kanskje var litt flau eller til og med sjølvironisk. Men også Melby har sikkert fått med seg korleis kulturministrane til partiet hennar har gått frå i 2013 å vere pådrivarar for historias første øyremerka «bibliotekmilliard» (les meir) til aktiv motstand mot dette i dag.

Ho har kanskje høyrt om korleis Trond Minken fem år seinare, ved å minne om milliarden som blei vekk, «fikk … kulturminister Trine Skei Grande til å grine under en bibliotekdebatt under Litteraturfestivalen på Lillehammer».

Og ho kjenner i alle fall til Vilde Sagstad Imeland sin saftige gonzo-reportasje i Morgenbladet 6. mars: «I hælene på Abid Raja». Journalisten hadde kjempa i fleire veker for å få eit større intervju med den nye kulturministeren i MB, ein av landets klart viktigaste kulturaviser. Til slutt blei ho lova femten minutt med han under opninga av ei utstilling på NB. Det blei berre 95 sekund, men alt kom til å handle om bibliotek(!). Vi tar sjansen på å sitere mykje av slutten på intervjuet:

read more »
desember 29, 2020

Prisbomba

NBF-prisen i bruk. Dansk design er sjeldan vare her i huset

Første april i år skreiv vi ein bloggpost om ein ikkje-aprilspøk på fagforumet biblioteknorge. Det handla om annonseringa av Norsk Bibliotekforenings pris – til underteikna. Men i og med at det såkalla Nasjonalbiblioteket seinare fjerna heile forumet frå nettets overflate, er lenkene daude både til dåverande NBF-leiar Mariann Schjeide sin «tale» og underteikna sin «takketale» (det gjeld også lenka til NBF si liste over tidlegare vinnarar, men dét kan dei kanskje gjere noko med?).

Men no har overrekkinga av prisen funne stad, på Rygge bibliotek 10. desember. På NBF si Facebookside kom det utruleg mange helsingar og likes, og noko kjem også i NBF-bilaget i Bok og Bibliotek nr. 1 på nyåret. Og i dag blei det snappa opp av Moss Dagblad.

Translate »