Archive for desember, 2020

desember 11, 2020

Éin ape, to syn

Dei tydelegaste spora etter husdyr hos underteikna er etter ein bok-elskande undulat

Trur kanskje vi har vore innom dette nummeret (1/2020) av Barnelitterært forskningstidsskrift før, men landar no på ein artikkel om ape-biografiar. Og éitt individ, ein sørlending på J, som alle kjenner, har fått fire – 4 – bøker skrivne om seg. Men dei er faktisk ganske ulike. Inger-Kristin Larsen Vie har lese to av dei spesielt grundig i artikkelen «Biografier om dyr: Ideologiske perspektiver på dyr og forholdet mellom dyr og mennesker i to biografier om sjimpansen Julius». Interessant.

desember 11, 2020

«Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?»

Nylenna tar imot prisen for Årets bibliotek for 2012

I Aftenposten i går fann vi eit kort, men fyndig lesarinnlegg om ei biblioteksak, og med foto av helseministeren, noko som ikkje skjer kvar dag. Forfattar er Magne Nylenna, professor dr.med., og tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.no frå 2005 til 2017. Og det er dette biblioteket han skriv om, om korleis regjeringa no vil vengjeklippe tenesta endå meir: «Vi har allerede mistet tilgangen til The Lancet. Nå forsvinner BMJ, JAMA (Journal of the American Medical Association) og andre av verdens beste, medisinske tidsskrifter». Denne modellen med sentral opphandling av lisensar for alle dei registrerte brukarane, helsearbeidarar i heile landet, er ein modell der Helsebiblioteket har vore ein pioner, og som mange har snakka om å overføre til fleire felt.

Dette er altså ikkje eit vanleg bibliotek, men fekk likevel NBF-prisen Årets bibliotek i 2012. Les talen på regjeringa.no som dåverande statssekretær Ragnhild Mathisen heldt ved overrekkinga.

desember 6, 2020

Er dette gullalderen for norske bibliotek?

Frå videoen med foredraget for det strategiske rådet

Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:

Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».

>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.

Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.

Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:

«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).

21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …

read more »
desember 4, 2020

Frå folkedjupet (det er fredag II)

Det kan fort oppstå rykte om kva tilsette gjer etter stengetid. Klikk og kikk (reprise)

I 2009 på Flashback skreiv ein svensk bibliotekar: «Jag får ofta intrycket av att folk i allmänhet inte har en aning om vad vi som jobbar på bibliotek faktiskt jobbar med. Därför får ni nu möjligheten att få reda på det. … Jag svarar på allt, men förbehåller mig rätten att vara sarkastisk».

På dei elleve åra har det gått i bølgjer, men det har blitt i alt 200 spørsmål, nokre dønn saklege, andre ikkje, men likevel lesbare, i alle fall ein fredag i november.

Takk til peterals.

desember 4, 2020

Ute etter jobb? (det er fredag)

I USA er det tradisjon å byggje og innreie bibliotek tileigna avgåtte presidentar. Ein anonym arkitekt har alt eit prospekt klart for Trump sitt bibliotek, utført på svært profesjonelt vis. Og på ei nettadresse hen skal ha sikra seg alt i 2016: https://djtrumplibrary.com. Nettstaden Fastcompany skriv om dette og listar opp noko av innhaldet:

  • The lobby is emblazoned with Trump tweets,
  • a map of the countries included in his early Muslim ban, and
  • a front desk where entrance fees double to $50 for “immigrants.”
  • Exhibits include a selection of “alternative facts” delivered by multiple White House press secretaries,
  • the “Wall of Criminality,” and a
  • prison with a work-release program for members of Trump’s inner circle convicted of crimes.
  • Outside, next to the rooftop Autocrats Gallery and the Felon’s Lounge cocktail bar, is a gravesite for Trump allies who succumbed to COVID-19.
desember 2, 2020

Billegare sprit og sjokolade, men kva med biblioteka?

Billegare – og litterær

>> Oppdatering 3.12: DnF-leiar Heidi Marie Kriznik: «Det er ikke til å tro … Kuttet betyr i praksis realnedgang av fondet … ».

Rådsleiar Lars Petter Hagen går i dag ut på Kulturrådet si heimeside: «I budsjettforhandlingene på Stortinget i går ble det klart at Norsk kulturfond reduseres med 10 millioner kroner for 2021. – Dette er et kutt som vil gå ut over mange av de som er hardest rammet av pandemien. … – Norsk kulturfond dekker hele bredden av det frie kunstfeltet, … Det gjelder alt fra den enkelte kunstner, forfatter, musiker og danser, til store og små arrangører, festivaler og spillesteder. Det gjelder biblioteker og andre kulturformidlere, og ikke minst de mange konkrete tiltakene rettet mot barn og unge. Når disse satsingene svekkes går det ut over både kulturaktører og publikum (vår utheving)

>> Korreksjon mottatt om at avgifta på brennevin ikkje er redusert. Men då måtte vi funne ein annan illustrasjon. Skål.

Noko konkret seier han ikkje om litteraturfeltet og innkjøpsordningane.

I slutten av oktober var norsk sakprosa i biblioteka ei stor sak i media. Men så kom det …

read more »
desember 1, 2020

Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land

På ei svensk Facebook-gruppe, «Bibliotek i coronakris» (lukka, men ikkje vanskeleg å bli med i), kom det måndag eit innlegg av ein bibliotekar som etter grundig sjølvstudium, fortel ho, er blitt kritisk til den heimlege koronastratgien. Men kan ho på nokon måte gje uttrykk for dette i høve til publikum på biblioteket?

Ho spør seg blant anna: «Vi ska vara en fena på källkritik, är vi det, sätter vi om det i vårt arbete? Ska jag bära rollen som samhällsbärare genom att kopiera papper, … I utredningen om nationella biblioteksstrategin, … ställdes frågan om bibliotekarier skulle vara förberedda och vilja att bära detta ansvar som femte statsmakt. Vad tycker vi, ni, jag?»

Per måndag 1.12. kl 18.33 er dette blitt ein til dels god debatt (med ei avsporing til ja eller nei til munnbind) med heile 79 innlegg (vi har ikkje lese alt). Fleire meiner debatten er svært interessant og viktig, nokre må få tid til å tenkje, mens andre igjen er skråsikre på at:

read more »
Translate »