Archive for januar 1st, 2021

januar 1, 2021

Takk for eit godt år?!

Trafikkauken sidan 2017

For denne bloggen blei 2020 faktisk veldig bra. Blant anna skreiv vi 143 innlegg i kategorien «Korona og biblioteka», noko som sikkert bidrog til at talet på nedlastingar auka frå 45 tusen i 2019 til 60 tusen i 2020. Men det er vel i krisetider det er størst behov for krisemaksimatørar (dette er eitt av tilnamna våre på k, i tillegg til kontraproduktivist og konspirasjonsteoretikar).

Noko av det mest krisemaksimalistiske vi skreiv var vel utdjupinga av at «Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!» Der presenterte vi 19 små og store utfordringar for biblioteka under og etter koronaen, baserte på alt frå lokale kontaktar til internasjonal forsking. Denne blei populær på grasrota, men med …

read more »
Translate »