UNISON, det britiske fagforbundet for 1,3 millionar tilsette i offentlege tenester, seier no, når den tredje nedstenginga i landet er i gang i samband med den nye, meir smittsame korona-varianten, at folkebiblioteka bør stengje heilt. Omsynet til biblioteksarbeidarar og familiane deira må prioriterast. Men dette er i strid med retningslinene frå regjeringa som seier at bibliotek framleis kan tilby i alle fall tilgang til IT og tinging og henting av bøker. UNISON meiner at også desse avgrensa tenestene utset biblioteksarbeidarar og brukarar for ikkje naudsynt risiko.
Library of Congress evakuert

Nettstaden The Hill skriv i dag: «The U.S. Capitol Police on Wednesday locked down the Capitol building and evacuated multiple congressional buildings amid increasingly violent protests outside. Buildings being evacuated included the Library of Congress’s Madison Building across from the Capitol as well as the Cannon House office building».
Men på twitter i dag har ikkje biblioteket noko meir dramatisk å melde enn eit nys, rett nok det første forsynt med copyright.
Digitalt digitalt digigalt!
Koronaen har blant anna også fått fart i digitaliseringa av samfunnet. I går kom til dømes ei ny utgåve av Digitaliseringsrundskrivet frå regjeringa til kommunane. Men samtidig registrerer vi at «Litt over 600 000 personer, eller 14 prosent av nordmenn fra 16 år og oppover [er] … ikke-digitale». Dette er det likevel planar om å gjere noko med: «Slik kan det digitale klasseskillet bekjempes», seier forskarar og bibliotekarar i Trondheim. Meir om dette etter kvart.
Men når du skal bryte digi-muren og blant anna gå frå papiravis til nyheiter på nett, vil du møte den stadig sterkare «trenden» i retning av skrivefeil. Som kan skremme den sterkaste tilbake til papiret. I går las vi 21 nettavisartiklar, og 19 hadde éin eller fleire skrivefeil («Jeg har slikt å gjere, jeg har slikt å føre …»). Korrekturlesarane blei sparka frå norske aviser for over tjue år sidan, må det vere. Og på nettet gjeld berre rask publisering og flest mulege klikk. Men éitt muleg mottrekk er slikt som twitterkampanjen mot New York Times. På @nyttypos er det rapportert over 30 tusen skrivefeil. Fleire slike!