Lesarar av bloggen vil ha oppfatta at underteikna ikkje er særleg entusiastisk til dei mange identitetspolitiske strøymingane i samtida. Likevel fekk vi i dag spontan sympati for eit prosjekt ved Brooklyn Public Library, NYC, der dei no utlyser ein konkurranse om design av eit SVART lånekort, i høve «celebrating Black American culture and history». Og vidare: «This card is the first in a series of future ‘Celebrating Heritage’ library cards».
Vel og bra, men kva med timinga?
Då det norske såkalla nasjonale lånekortet blei lansert i 2005 fekk det svært lite skryt for designen, snarare tvert imot. På fagforumet biblioteknorge meiner vi å hugse solid nedsabling av det klysegrøne Noregskartet overstrødd med mikroskopiske symbol, umulege å tyde, jamfør fotoet av bloggarens eksemplar (debatten skulle vi gjerne ha stadfesta og referert, men dette har Nasjonalbiblioteket gjort umuleg då dei i august fjerna heile forumet frå internettets overflate). Men initiativtakarane, alliansen «Biblioteksystemleverandørene i Norge», var uthaldande og valde å ikkje lytte til …