I Klassekampen i dag handlar hovudoppslaget på kultursidene om ei plagiert bok, der den plagierte har fått erstatning og opplaget er makulert, men der Deichman og tretten andre folkebibliotek likevel er så frekke at dei «Låner ut plagiert tekst». Men Deichman-sjef Knut Skansen er klinkande klar: «Ingen skal fortelle oss hva vi skal ha i hyllene».
>> 15.1.: Viktig oppfølging i Klassekampen
Dette er viktig, for her kjem det fram noko vesentleg om det uavhengige, sjølvstendige biblioteket og biblioteksjefen si rolle som slett ikkje alle kjenner til eller har tenkt over. Det er viktig å forsvare dette som inngår i eit prinsipp som har bygd seg sterkare her i landet sidan skammelege hendingar særleg i 1956 og 1977.
Kanskje har heller ikkje kulturredaksjonen i Klassekampen vore særleg medvitne om dette, skal ein døme etter kor stort oppslaget er. Og korleis den ansvarlege forleggjaren får siste ordet og at han «har tenkt at bibliotekene burde ha et system her».
Direktør Aslak Sira Myhre ved NB er også intervjua, utan at han er så klar som Skansen. Han slår fast at det er NB sitt «ansvar å sørge for at den finnes». Men elles har han «sørget for at de pliktavleverte bøkene fjernes fra universitetsbibliotekene. Når det gjelder folkebibliotekene, er det sakens parter som har ansvaret for å informere».
Kva kan skje etter dette? Slutten på avisoppslaget kan tyde på at det kjem meir. Ender det med krav om …