I Klassekampens Bokmagasinet laurdag hadde Bjørn Ivar Fyksen ei oppsummering av den relativt dramatiske heimlege lydboksituasjonen den siste tida. Forslaget hans er ingenting mindre enn «Strømmestans»! (betalingsmur, men sjå heile på Forfatterforeningen). Han noterer seg at «Lydbokøkonomien er plutselig blitt viktig, ikke minst hvis det er slik at lydbokmarkedet spiser av markedet for papirboka. Litteratur-Norge trenger inntekter». Samtidig som forfattarane berre får ti kroner per strøyma tittel, som er 2-8 kroner mindre enn det alt låge oppgjeret per paperbackeksemplar. Han drøfter også skilnadene mellom bestseljarane og dei andre; problemet med det vesle språkområdet vårt. Og han er innom vaksen- versus barnetitlane. Utviklinga er altså ganske innvikla.
Fyksen har lese blant anna Sigmund Løvåsen og Anne Oterholm i VG 24. oktober og skriv: «Rigg strømmetjenestene på nytt. Regn ut hvilken sum per avspilling som trengs for å gi en sunn økonomi for både forfatter og forlag, og sett abonnementsprisen ut fra det». Vi må finne på noko nytt, eller noko gamalt, meiner Fyksen, «som for eksempel å selge lydfiler til stykkpris – dere vet, sånn man gjør med bøker».
Om vi trur på dét, når vi no skriv 2021, vil det kanskje då vere muleg for biblioteka å fiske i opprørt vatn? Eller betyr det berre at …