Archive for januar 21st, 2021

januar 21, 2021

Bibliotekarar på alle skolebibliotek!

Dette er forslaget i ei statleg svensk utgreiing ifølgje Göteborgsposten: «Skollagen ska ställa tydligare krav på skolbibliotek. Bland annat föreslås krav på att alla skolbibliotek ska vara bemannade, i första hand med personer med examen inom biblioteks- och informationsvetenskap». Utgreiinga krev også ei skjerping av kravet om skolebibliotek på alle skolar. «I dag är det vanligt att skolan i stället samverkar med ett folkbibliotek – något som endast föreslås vara tillåtet i undantagsfall framöver. I dag saknar över hälften av skolorna ett bemannat bibliotek på plats. – Det här är en illustration av hur likvärdigheten i svensk skola brister och vi hör fortfarande talas om skolor som inte ser till att eleverna har tillgång till skolbibliotek. I vissa fall för att spara pengar eller lägga pengarna till vinst, säger utbildningsministern».

Og dette med profitt til eigarane av privatskolar er ein lang tradisjon i Sverige. For sju-åtte år sidan hadde dei blant anna John Bauer-skandalen, der eigarane tente seg søkkrike ved blant anna å ikkje følgje lova om skolebibliotek, men heller rekne med at elevane brukte det lokale folkebiblioteket. JB-skolen gjekk konkurs, men systemet er stort sett uendra.

januar 21, 2021

Forsvar det lykketreffsikre biblioteket!

Det populære skal sikrast med algoritmar. Biblioteket i Århus «løyste» dette alt i 2008

Her om dagen blogga vi om biblioteket i Malmø som har sleppt laus algoritmane i medievalet. Det er eit dansk firma, Lyngsoe Systems, som leverer IMMS, eit såkalla intelligent datasystem for mediehandtering, som dei seier kan bidra til at:

  • «Branches will never have too many or too few items
  • No over-stocking (Up to 20% saving on individual title cost)
  • Item location known at all times
  • Extensive and accurate reporting
  • Up to >30% savings on Material handling time»

Medrekna Malmø finst dette i dag i fire nordiske storbybibliotek, så også eit bibliotek nær deg sit nok no og vurderer tilbodet. Systemet har klart sine fordelar, og finansrådmannen og politikarar vil sikkert fatte interesse, men særleg dei to første kulepunkta ovanfor bør få ein biblioteksjef til å tenkje seg om.

Samlingsutvikling er ei av kjerneoppgåvene i eit folkebibliotek, og i kor stor grad skal ein outsource slike oppgåver? I tillegg til det treffsikre, det å skaffe akkurat det ein lånar er ute etter, og helst på ein effektiv og økonomisk måte, må vi ikkje gløyme verdien av serendipitet eller litterære «lykketreff» under fysisk og virtuell hyllevandring i biblioteket.

Innføring av dette bør ikkje skje utan uhilda testing, utgreiing og debatt. I Sverige følgjer bloggen Systembibliotekarien saka, og også Bibliotek i samhälle (Bis) seier dei vil «återkomma till» dette.