Archive for januar 26th, 2021

januar 26, 2021

Geir Vestheim er død

Tidligare professor Geir Vestheim ved Bibliotekshögskolan i Borås og Universitet i Sørøst-Norge fall om og døde under ein skitur 4. januar, 74 år gamal. I ein nekrolog i avisa Varden heiter det korrekt at «Han regnes som sentral i oppbyggingen av et norsk – og nordisk bibliotekforskningsmiljø på 1990-tallet». Boka hans frå 1997, «Fornuft, kultur og velferd : ein historisk-sosiologisk studie av norsk folkebibliotekpolitikk» var den første og til no grundigaste kritiske analysen av dette emnet, og ho er noko av det vi har sitert mest frå på denne bloggen.

Lokalhistoriewiki kan vi lese at han tok «cand.philol.-graden ved Universitetet i Oslo og seinere fil.dr.-graden ved Göteborgs universitet. Han var ansatt ved Elverum videregående skole, Østlandsforskning, Høgskolen i Hedmark på Rena, Högskolan i Borås og Göteborgs universitet før han ble ansatt ved Høgskolen i Telemark på Bø. Her jobbet han i omlag ti år; samme periode som institusjonen ble en del av Høgskolen i Sørøst-Norge. Hovedfeltet til Vestheim var forskning på kulturpolitikk».

Underteikna hadde gleda av å samarbeide med han blant anna om jubileumsboka om Statens bibliotektilsyn i 1999. Geir Vestheim var fødd på Eidskog og var ein stor kjennar av litteraturen i Hedmark frå 1900-talet, blant anna Hans Børli og Alf Prøysen. Dei fleste bøkene og artiklane skreiv han på eit velformulert og levande austlandsk nynorsk som har inspirert blant anna denne nynorskkonvertitten.