Archive for januar 30th, 2021

januar 30, 2021

Kunnskapskolonialisme

Sørafrikanske Denise Nicholson snakka om kunnskaps-kolonialisme i Oslo i 2005

Urettvis vaksinetilgang mellom nord og sør er ei stor sak i media no. På NRK.no heiter det: «Norge og flere rike land bidrar til de internasjonale programmene ACT-A og COVAX for å kjøpe opp vaksiner og donere til fattige land. Men det monner lite», seier eit representant for Leger uten Grenser.

Ein parallell er tilgangen eller mangelen på tilgang til forskingsdata; artiklar, bøker og forskingsresultat. Alt i 2005, på det avsluttande plenum under IFLA-konferansen i Oslo, snakka sørafrikanske Denise Nicholson om ”kunnskaps-kolonialisme” (knowledge colonialism). Dette inngikk i karakteristikken hennar av den vestlege verda og særleg USA og EU sin politikk i høve til Afrika og den tredje verda når det gjeld spreiing av åndsverk og kunnskap. Til dømes kunne ikkje bibliotekvesenet i Sør-Afrika overføre bøker til punktskrift eller cd for blinde og svaksynte, noko som var sjølvsagt i vår del av verda. Og tekster av landets eigne forskarar blei ”låste inne” i internasjonale databasar, til marknadspriser fastlagde i USA og Europa. Forskarar, blant anna på sjukehus, risikerte å bli saksøkte om dei brukte eigne manus dei hadde fått publisert i vestlege akademiske tidsskrift. Dermed stod det elendig til med balansen mellom behovet til opphavsmannen og brukarane, der biblioteket vanlegvis er den einaste som stiller opp for dei sistnemnde. 

Og i dag er det ikkje særleg betre. Derfor tok den kasakhstanske dataprogrameraren Aleksandra Elbakayan og andre meir anonyme initiativ til «skuggebibliotek» som Sci-Hub og LibGen. Som vi her på bloggen forsøker å skape debatt om. Og som er lasta ned 581 gongar i løpet av ei veke.

januar 30, 2021

Sant og usant om poesi på Stortinget

På ein laurdag må ein bibliotekpolitisk bloggar ha lov til å gå lite grann off topic: Amanda Gorman si diktlesing under presidentinnsetjinga av Joe Biden blei ei stor mediesak også her i landet (146 treff på namnet hennar i Atekst etter 14.1.). Blant anna i hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen 25. januar, der ymse norske lyrikarar fekk uttale seg om dei «Savner poesi i politikken».

Éin av dei nemner at: «I den grad poesien har vært i Stortinget, har det vært til spott og spe, som da Arild Nyquists dikt ble lest med tullestemme i 1972, for å vise det uforklarlige og nytteløse ved poesien». 

Men i Klassekampen i dag, 30. januar (ikkje på ope nett), startar Kristoffer Jul-Larsen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, eit lesarinnlegg om dette slik:

«I Klassekampens sak om at norske poeter «Savner poesi i politikken» gjentas fortellingen om at Arild Nyquists «Nå er det jul igjen! og andre dikt» ble latterliggjort fra Stortingets talerstol. Historien har blitt emblematisk for den brede offentlighetens forhold til absurdistiske poeter som Nyquist spesielt, og modernisme og postmodernisme generelt. Den har blitt så viktig at fortellingen til og med gjentas av flere litteraturhistoriske fremstillinger. Dessverre er denne gode historien ikke sann».

Kva som er sant og Jul-Larsen si poengrike fortsetting (blant anna om kva for eit dikt (av ein bibliotekar, kan vi leggje til!) som faktisk blei hetsa på Stortinget) kan og bør …

read more »