Archive for februar 4th, 2021

februar 4, 2021

Ufarleg på Deichman, men farleg på Blindern?

VG har i dag prata med studentar, ein bibliotekkonsulent og ein vektar om at studentar strøymer til Deichman når lesesalane er koronastengde på UiO og andre høgare lærestader. Deichman i Bjørvika har likevel ei grense på 500 brukarar til kvar tid. Men korleis er det andre stader i landet?

februar 4, 2021

Kalabaliken i Kungsbacka

Ikkje Kungsbacka dette, men Linköping i juni. Klikk og kikk

Kor blei det av «folkhemmet»? Kan ein spørje seg når det blir ei sak til og med på NRK.no at svenske kommunar ikkje vil gi bibliotektilsette munnbind på jobb og meiner dei ikkje treng det. Tillitsvald på biblioteket i Kungsbacka fortel: «Mange av mine kollegaer er urolige fordi vi kommer for nære. Vi har et skilt, men det er ikke alltid avstanden respekteres. Det kan bli trangt mellom hyllene. Vi har også noen små bibliotek der det er trangt». «Ifølge bibliotekarene har de flere ganger kommet med ønsker om å få bære munnbind når de er på jobb. Det hevder de har blitt avvist av arbeidsgiveren».

Nytta av munnbind er omdiskutert, men noko av problemet i biblioteket er at nokre brukarar ikkje respekterer avstandsregelen: «Flere har fortalt hvordan de har blitt spyttet på og trakassert fordi de har båret munnbind».

Det er ikkje noko nytt for lesarar av denne bloggen kor kaotisk det siste året har vore for tilsette og brukarar særleg i svenske folkebibliotek. Det handlar om samfunnsoppgåva eller tryggleiken.

februar 4, 2021

Rasismeressurs!

Mange er interesserte i og tar del i debattar om rasisme, men mykje er først og fremst kjensleladde greier på sosiale medium og høgrepopulistiske nettstader. Men når dei norske kunnskapsbiblioteka, medrekna folkebiblioteka, vil blande seg inn og formidle kvalitetssikra kunnskap om dette, så er Tidsskrift for samfunnsforskning i dag på gata med eit temanummer – med open tilgang – blant anna med fleire viktige og lesbare artiklar frå eit fagsymposium om strukturell rasisme. Alle artiklane er på norsk, mens dei tre innleiande har samandrag på engelsk.

I Klassekampen i går hadde Arnfinn H. Midtbøen, førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo, ein kronikk – «Strukturell rasisme på norsk» – som er ein «bearbeidet versjon» av essayet hans i tidsskriftet.

Translate »