Tar sjansen på å dele denne bokryggpoesien frå eit universitetsbibliotek i South Carolina då eit søk på Google Foto berre gir éitt treff på ei norskspåkleg side, ei FB-gruppe med 2946 følgjarar, men berre «including 1 of your friends» (som de skjøner, får eg ofte høyre at såg du ikkje at eg delte han for to månader sidan, sløving). Klikk og les.
Året det var så bratt (eller moro med Atekst)
Denne kollasjen viser til høgre Atekst si kategorisering av artiklar i norsk presse på søket «bibliotek*» dei siste 30 dagane, altså frå og med 6.1. til og med i dag, 5.2. 2021. Og kolonna til venstre viser same søk i same periode i fjor. Før koronaen. Kom til Noreg.
Dei samla treffa i perioden i fjor var 2256 artiklar, i år 2176, altså ingen stor skilnad. Go hælj 🙂
Det nye fleire-omgrepet
Dette er ikkje for å hetse dei biblioteka som ikkje vil arrangere Harry Potter-festival. Men tysdag måtte vi lese og høyre det igjen, på kanalen og nyheitsprogrammet som (vel?) er aller mest populært her i landet. Klikk og kikk. Om du orkar.
Konkurranse: Finn på eit dugande bibliotek-mem som ikkje innbyr til populistisk klikk-horeri! (kanskje ikkje muleg når vi skriv 2021)